onsdag, februar 07, 2024

Bok nr.3 -2024:Menneske og møll.



Denne boka las eg ut i går kveld på senga, det er den treje boka eg har lese i år, og også denne handlar om problem menneske i mellom. Her er det ein gammal far/bestefar som er problemet. han er gammal og sjuk og vert lagt inn på sjukeheim. Barna kjem på besøk av og til, men det er ikkje noko dei gjer fordi dei er glad i far sin. Eigentleg bryr dei seg lite om han. Det kan vere så mange grunnar til det, men det viktigaste kjem ikkje fram før i slutten av boka. Eg synest boka var heilt grei å lese, mykje var attkjennande på ein eller annan måte.

Noko som var litt artig, var at midt i boka kom Astrid frå den førre boka eg las. Det viste seg at ho var dorttera til eit  av "borna" til den gamle mannen. 

Korleis kan ein person flytte frå ei bok til ei anna? Var det samme forfattar? Nei. Men forfattarane hadde samme etternamn, og Øystein kunne fortelje meg at dei to forfattarane var mor og dotter. Eg går ut ifrå at det var den eldste som hadde skrive om den gamle mannen.

Eg les berre på senga, ca 1 time kvar kveld. Då får eg til å fokusere på boka, når der ikkje er noko anna å sjå på.
 



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...