søndag, februar 11, 2024

Dagbok 2024: 11.februar

Klokka er no 18.20, temperaturen på trappa er 0 grader, så no smelter vel snøen igjen .Eg syntest det var så fint desse dagane då det var kaldt, klårt og sol heile dagen, men veret vekslar fort på desse kantar-

Eg var ikkje klar over at det var både morsdag og fastelavn i dag før utpå dagen i går, så eg hadde ikkje budd meg på å ta imot gjestar.

Men så kom Solveig og Øystein på føremiddagen med blomster og gåve og utpå ettermiddagen kom Margrete og Amanda og hunden Albert med ei stor kake og gåve i tillegg. Eg er einaste gjenlevande besteforelder her på våre kantar- i familien vår. Erlend kom også opp frå kjellaren og vart med på gjestebodet. Eg synest å kjenne kor kaloriane legg seg rundt midjen. Eg set sjølvsagt pris på at dei kjem og feirer dagen med meg.

I morgon skal eg starte å nytt med spanskkurs, men eg er ikkje så entusiastisk for det går lite framover med læringa. Eg trur eg er for gammal- men så er det kjekt å treffe dei andre på kurset; eg treng å vere litt sosial. Kan ikkje sitte heile dagane framfor TV og strikke lestar heller. 

Det er litt spesielt denne veka, for vi skal ha spansk både mandag og onsdag, til vanleg er det berre onsdagane.. Komande onsdag er det også pensjonistmøte på Kulturhuset. Eg vil vere med der så lenge eg kan, eg var i styret i 11 år-og eg synest det er viktig å ha eit pensjonistlag som fungerer. Eli har gjort ein kjempejobb ho begynte som leiar året etter at eg vart med, og ho held det gåande.

No blir det strikketøy og TV, og litt spansk  innimellom, resten av kvelden-


Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...