lørdag, februar 10, 2024

Dagbok 2024: 10.febuar

Klokka er no 18-00, temperaturen er ca minus 6 grader, men den er på veg opp att. Så endar det vel opp i regn og slaps igjen. Vi har hatt nokre fine dagar no med sol og utan nedbør.
Eg vakna som vanleg tidleg i dag, men vart liggade ei stund etterpå. Det var ingen ting som hasta. Etter frokosten gjekk eg og sette meg ved datamaskina og  såg på så ymse før eg gjekk inn i stova og fann fram strikketøyet mitt. Eg skulle no berre strikke litt, men det var no greitt å få felt hælen.......... 

Eg hadde så smått tenkt meg til Vik i dag, men eg synest ikkje det er så kjekt å fare åleine, så eg handla på KIWI i staden. Då eg kom heim var klokka 14. Det var tid for middag, men først måtte eg ha trimturen min. Eg fann ein liten kasserolle med ballj i frysaren og sette den på på plata -på 1. Det var ein fin tur i dag, og eg møtte to naboar som eg kjenner. 
 
Då eg kom heim att var ballen framleis frosen, men ei lita stund med plata på6 vart det middag. Maten var heilt OK, det var berre det at eg hadde så lite rømme igjen, eg hadde visst skive det på lista mi, men det er ikkje alltid eg les den. Eg vart stappmett, slik ein ofte blir av ballj og då eg sette meg inn i godstolen etterpå var det like før eg sovna.

Marit sende melding til meg og lurte på om eg ville komme opp og smake bollane ho hadde laga. Det kunne vore freistande om eg ikkje var så forferdelig mett.No har eg tatt meg ein kaffisvett men er framleis overmett.
I morgon kjem Solveig og Øystein innom, dei skal til Volda. Eg kjem til å bruke heile morgondagen på spanskleksa -for det går ikkje så fort inn lenger. Vi skal ha spansk to gonger denne veka fordi vi ikkje fekk ha det i veka som var, onsdag skal det vere både spansk og pensjonistmøte.
Alle tre bilda er tatt frå Storebakken. På bilde nedst ser ein opp på Vernet, der er altfor mykje snø enno til at eg vil gå der.





 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...