tirsdag, oktober 10, 2023

Dagbok 2023: 10.oktober


 Klokka er no17.23 og temperaturen  ute er + 13 grader, men er i alle fall bra at den steig opp att,kulde er det verste eg veit.

I dag venta eg Solveig på besøk, så eg sette på fårikålgryta og kokte middagen nesten ferdig. Solveig kom som avtalt og hadde med seg både det eine og det andre, det vil seie garn og bok. Solveig kjøper ein del garn rimeleg på nett, men eg hadde fått litt for lite garn til eit par lestar, så eg måtte kjøpe eit nøste til. Det ligg øvst i dungen.

Solveig køyrde til Volda, der eg kjøper garnet mitt, og så var eg på Møre konfeksjon og kjøpte meg enda ein genser. Vi hadde tenkt å sjå oss om på Bruktbutikken, men der var stengt i dag, så vi såg berre inn vindua. Då kom to av dei som jobbar der ut i døra og prata litt-dei to bur tilfeldigvis her i Starevegen, den eine av dei er min nære nabo. Det var ikkje det at vi skulle ha noko spesielt, men der er så mykje fint å sjå på; så det kan hende det hadde blitt ein handel om der var ope. Der er veldig mykje tallerkar, glas, fat og skåler, og det er no ganske bra sidan vi ikkje lenger har glasmagasin i bygdene. Eg skulle ønske at eg hadde bruk for noko, men eg har alt eg treng og vel så det.

Då vi kom tilake til Ørsta spanderte Solveig kake og kaffi på ALTI. Der trefte eg to som eg kjenner, det er sjeldan eg gjer  der. Eg ville vise Solveig Fontena og butikken til Aandahl så vi gjekk opp i gata. På fortauet trefte eg ei eg kjenner, og inne på butikken trefte eg ei til. Der er så mykje fint på butikken både til små og store, eg sa til Solveig at ho må reklamere der ute for denne butikken, der er altfor få kundar, og eg vil ikkje at dei skal legge ned. Det er så dumt at alle som kjem til Ørsta berre fer inn på ALTI. Vi skulle ikkje ha noko i dag ,men såg på diverse. Eg kjøpte ein genser der førre veka.

Då vi kom heim att, sette eg på potetene og varma opp att fårikålen og så åt vi middag + kaffi og is.



Boka heiter: Den bortkomne

Solveig hadde også med seg den nyaste boka til Øystein, den kom ut for ikkje lenge sidan. Eg las dei første sidene høgt til meg sjølv, og det var ikkje så dumt- det var som å høyre melodien i språket. Der var ei bok til Margrete også, så no har ho eit ærend hit.

I morgon er eg på spansk-kurs frå kl.11-13. Eg har i lekse å lære 4 linjer utanboks, og det strevar eg med. Når eg tenkjer på kor lett eg hadde for å lære utanboks før, då eg var ung, så er det heilt tragisk. No skal eg kombinere TV, strikking, spansk-lekse og lesing av bok. Så då tenkjer eg det blir nok for i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...