tirsdag, mai 23, 2023


 Klokka er no 18.40, temperaturen ute er +14 grader C, det er lettskya, men vi har sett sola av og til i dag også. 

EG hadde planlagt å ha utover gjødsel i dag, viss det var vått i graset. Det var ikkje godt å vite om det var vått nok, så eg venta og såg etter regnbyer -som ikkje kom. Prøvde å gjere litt husarbeid,  men det vart ikkje så mykje av det heller. Då det leid litt på gjekk eg ut og jobba i hagen, der har eg så mykje arbeid på vent at det er berre å begynne ein stad. I dag kriga eg mot Skvallerkålen -ein krig som ein aldri kan vinne. Løvetennene kan ein no få litt kontroll på-men ikkje skvalleren. 

Marit måtte fare utan meg på trening i dag også. Ho meinte at eg no hadde vore sjukmeld i nærmare 2 veker. Eg trudde ikkje det var så lenge , men då eg såg etter i dagboka mi, såg eg at eg melde meg sjuk den 11.mai, og enda er eg ikkje friskmeld,. Då ho kom att frå treninga i dag, sat vi ei stund på benken hennar og passa katten og hunden. Det leid så langt på dag at eg måtte ha litt mat, og så var der ei maskin full med reine kjørel- som måtte tømast. Eg vart trøtt og la meg ut på solsenga ei stund, men der var ikkje så varmt at det var koselig.

Eg kunne like godt gjere meir hagearbeid, og det gjorde eg. Eg rydda fint opp sist haust, men det blir likevel noke å ta igjen. Eigentleg likar eg godt å halde  på i hagen, men så er det den ryggen. Eg har vore på MR med den, der fann dei berre vanlege slitasjeskader, så det er vel ikkje så alvorleg skjølv om det er vondt.

No har eg pakka inn i bilen til i morgon, då MÅ eg på VØR, eg har meir enn 6 store svarte sekker som skal tømmast-og slik blir det vel heile sommaren.

Eg har ikkje hatt på TV i dag, så mykje kan ha hendt i verda utan at eg veit det.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...