fredag, april 28, 2023

Dagbok 2023: 28.april


 Klokka er no 17.37, temperaturen på trappa er + 11grader C, det er lettskya og fint, sola har også vore framme, men tidleg i dag var det iskaldt.

I dag stod eg tidleg opp, men då eg såg at klokka var berre 6, la eg meg igjen og sov ein time til. Eg måtte i alle fall tidleg opp viss eg skulle rekke å vaske håret, rulle det opp og få det tørt til klokka 13, eg greidde det-så vidt.

Eg hadde ingen planar for føremiddagen, men fann ut at eg kunne fare over alle bilde-glas med spay og vindusskinn(som det heitte før). Det vart nokså mange bilde når eg var innom alle romma. Men eg rakk no å lese avisa og løyse nesten heile kryssordet før Ragnhild kom.(Sudokuen løyste eg mellom klokka23-og 24 i går kveld )

 Vi var altså på Stødt, og ho kjenner han som driv geskjeften. Ragnhild fikk bestemme menyen, og eg betalte. (Det var forsinka fødselsdag-gåve frå meg). Då eg kom heim kontakta eg Marit og spurde om vi skulle ha ein handlerunde, men ho var opptatt. Derfor gjekk eg ein tur på Vernet i det fine veret .

Men eg ville til Vik og kjøpe garn sidan eg hadde begynt på ein lest, men hadde for lite garn. Sidan eg likevel var i Vik gjekk eg inn på Aandahl og såg om dei hadde fine "toppar" gjerne i blått. Og det hadde dei, eg såg på mange som eg kunne ha tenkt meg, men avtalte at eg skulle komme inn ein annan dag for å prøve.

Handla litt på Clas og på Europris før eg tok på heimveg. Fann ut at eg skulle sjå bortom gravplassen. No hadde dei sett på vatn. Eg ville sjå om blomstrane eg hadde planta hadde overlevd snøen og kulden og det hadde dei, sjølv om dei var litt puslete. 

Så er det fredagskveld igjen og no står vi framfor ei langhelg sidan det er 1. mai på mandag, snakk om flaks! No må eg hugse å handle inn mat i morgon. Eg veit ikkje kor vidt det blir aktuelt å feire 1.mai i Volda i år også-det er liksom ein tradisjon.

Ønsker alle ei god helg uansett politisk tilhøyring-!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...