onsdag, mars 29, 2023

 


Klokka er no17.15, temperaturen er +6grader C og sola skin med full styrke. Då eg sette på PC-en i dag, fekk eg melding om at Eli var sjuk, så det vart ikkje spansk i dag. Eg var sjølvsagt ikkje glad for at Eli er sjuk, men det passa meg godt å ha fri i dag.

Sidan veret var så fint, kunne eg ha ut teppa på soverommet og datarommet og få vaske golva. Så vart det gjort.

Ellen Marie hadde ringt i går og ikkje fått svar, så i dag passa eg på telefonen så vi fekk snakke med kvarandre. Etterpå tok eg ein tur på Vernet, men i dag var det ikkje kjekt å gå der, for dei trakka stiane var glatte og ujamne-og eg hadde ikkje piggsko på meg, så eg gjekk berre på den eine halva av vegen- og heim att på asfaltvegen. Telefonen var tom for straum så eg fekk ikke ta bilde. Men etter å ha ladda opp litt fekk eg ta bilde av krokusane som blomstrar nedanfor tilbygget.

Det spirer også nedanfor garasjen; der har eg planta ut påskeljer og andre løkar som eg har fått i potter. Såg på den gule potterosa, men kan ikkje seie om den har greidd seg over vinteren. Den stod full av knoppar då den første vinterbolken kom. 

Eg fann ut at eg måtte gjere litt meir til gagns, så no har eg laga ein gulrotkake-botn. Eg trur eg har ein i frysaren også, men eg vil no vere sikker på at kaka er god. No har eg sett på ein kaffitår som eg skal kose meg med-med nogo attåt.

I morgon er det trening, men neste veke trur eg vi er fri.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...