torsdag, mars 09, 2023

Dagbok 2023: 9.mars


 Klokka er no16.30, temperaturen på trappa er minus 2 grader, men inne i stova er det godt og varmt, og varmekjelda i dag er sola. Eg slo nettopp på varmepumpa slik at det ikkje skulle bli kaldt når sola for vekk. Det har vore nydeleg ver i dag, men veldig kaldt ute.

Marit og eg starta dagen med trening, Marit køyrde i dag. Vi var ein tur inn omKIWI, eg skulle eigentleg ikkje ha noko, men plukka no i hop litt av kvart.

Eg ville ikkje gå på Vernet i dag, så eg tok ein runde her på Vallabøen. Eg tok to bilde på turen, begge frå same ståstad dvs. toppen på Storebakken. Eg gjekk med piggsko i dag også, for når sola skin på vegane, kan det bli glatt. Då eg kom heim att laga eg meg ein lettvint middag, og så sette eg meg til å felle av ein lest. Det tek litt tid det også.

I går kveld fann eg ut at der har kome ein ny sesong på "Outlander" på Netflix , så no blir eg vel sittane å  sjå den-mens eg strikkar. Det er ikkje så mykje anna eg kan gjere verken inne eller ute, når det er så kaldt.

I dag begynte eg å tenkje på noko som eg lærte meg for ei god stund sidan. Det var på Grublenett. Eg lærte å plassere alle landa i verda på kartet. I dag ville eg sjå kor mykje eg hugsa. Europa gjekk fint, der plasserte eg alle rett på første forsøk. Så skulle eg prøve AFRIKA- det var ikkje vanskeleg, det var umuleg. Men eg kom igjennom med hjelp av ATLAS. Så no har eg litt å bygge opp att. Frå før hugsar eg at det vanskelegaste var statane i Nord-AMERIKA, dei streva eg lenge med. Eg klarte alle karta til slutt, men så er det altså borte igjen. Det ein lærer som barn sit som regel fast heile livet,men å lære noko no-det er vanskeleg. Ikkje å lære, men å hugse.

No har det gått enda ei veke og fredagen kjem i morgon. Veret er nydeleg, men alt for kaldt.Vi lengtar etter vå. Marit og eg kjøpte kvar vår lyngplante på KIWI i dag. Den minte om vår.

              Her kunne eg ha gått opp til Fonnvernet om eg hadde villa det.


Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...