mandag, mars 13, 2023

Dagbok 2023: 13.mars


 Klokka er no 17.25, og eg kom nettopp inn døra etter ein liten mosjonsrunde. Eg hadde tenkt å gå på Vernet, men der var for mykje snø. Ein god del snø på vegane også, så det gjekk bra å gå med piggsko. Temperaturen ute er no +1grad  og det er nesten opplett, men grått og trist ver- eigentleg.

I dag var det "heimedag" og eigentleg skulle eg ha støvsuga, men det var ikkje heilt naudsynt , så eg fekk meir lyst til å bake brød. Trur ikkje eg har bakt noko særleg hittil i år. Eg brukar aldri oppskrift når eg lagar brød, det skal godt gjerast at dei ikkje blir gode-og gode blei dei i dag også . Innimellom gjorde eg litt anna husarbeid og så fyrte eg i omnen og strikka ferdig enda eit lestepar. Solveig held meg med garn, ho strikkar større og vanskelegare ting. No har eg halde på med å strikke tynne ull-lester som ein kan ha i vanlege sko. Det vart til at eg åt skiver i staden for middagsmat til middag i dag.

Marit var hos tannlegen i dag, men skulle komme ned når ho var ferdig der. Men det tok meir tid enn vi trudde, så no har vi utsett praten til i morgon.OG eg gjekk ein tur i stafden. Treffer alltid nokon å prate med når ein går etter vegane også.


For to-tre år sidag lærte eg meg å plassere alle verdens land på kartet-utan hjelpemiddel. Mest streva eg med statane i Nord-Amerika. No ville eg sjå kor mykje eg hugs. Europa gjekk bra, men så skulle eg prøve meg på Afrika - og det gjekk ikkje bra. No har eg sete og bala med å plassere landa der-har tatt  atlaset til hjelp og då kjem eg i mål til slutt. Dei store landa går greitt. Men veit dokker kor mange bitte små land der er i Afrika? Eg har ikkje bruke for å vite det, men dette brukar eg som hjernetrim. Og eg synest det er kjekt å lese kart-det har eg alltid syntest. De finn karta på " gruble.net"



Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...