søndag, august 21, 2022

Dagbok 2022-21.august.


                                            Queen Elizabeth i dag

Klokka er no 18.04, temperaturen er + 15 grader. Det har regna ganske mykje i løpet av dagen, men no ser det ut til at det lettar opp.

Dette er den lataste dagen eg har hatt dette året, trur eg. Eg var oppe ca halv åtte, men la meg inn att på senga og sov til halv10.

Etter det vanlege morgonstellet m.m. sette eg meg til med lydbok og kabal, og der blei eg sittande. Det er ikkje ofte no for tida at eg blir så oppslukt av bøker som det eg kunne bli før. Men no skjedde det med "Morgenstjernen" av Karl Ove Knausgård. Det er nokre dagar sidan eg begynte på den, men som regel har eg anna å gjere også. I dag var eg ikkje opptatt av noko eg MÅTTE gjere.

Eg sat og las heilt til det var på høg tid å lage middag. Som regel om sundagane blir det steikt ørret og det vart det i dag også-med poteter og mykje grønsaker.

Etter at eg hadde ete tenkte eg på å gå ein tur, men så vart det så mykje regn - så det vart til at eg las vidare. Eg har enda ein del att av boka, men no skin sola , så eg må sjå til å komme meg ut. Eg hadde håpa at det skulle bli tørt i morgon, såpass eg fekk klippe plenane, eller i alle fall noke av dei, men vi får no sjå.

Slik ser huset ut i denne enden no. Eg tenkjer på at det kunne vore godt å få malt huset øvst oppe mens stillaset er der, men veit ikkje om det kan la seg gjere.


I dag gjekk eg "feil" veg rundt på Vernet. Då starta eg her og gjekk motsøles.


                         "Pynten" på Vernet har tolt veret i sommar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...