søndag, august 14, 2022

Dagbok 2022: 14.august

 

No er klokka ca 18.00, temperaturen ute er + 23 grader, men det var varmare tidlegare i dag. Det var no bra at dei som skal begynne på jobb i morgon fekk i alle fall denne dagen. I min barndom og ungdom starta alltid skuleåret den 1. september , slik at vi fekk nyte det seom eg meiner er den beste månaden i året, nemleg august. No når eg har heilårsferie, tek eg imot fineveret når det kjem uansett.

Sist natt sov eg veldig godt, kanskje på grunn av dei to Paracet-tablettane eg tok. Men eg har vore plaga med foten i heile dag og eg veit kvifor; eg har vore for mykje i ro! På førmiddagen rydda eg aldri så lite i hagen, men etter middag låg eg på solsenga med lydbok og eg er ikkje sikker på om eg var vaken heile tida.

Eg laga meg god middag i dag, steikt ørret med poteter og rå grønsaker. Eg lurte på å gå ein tur no i kveldinga, men veit ikkje om det blir. Reknar med at eg får nok mosjon i morgon når eg skal klippe graset på heile tomta; og her er mykje anna også som skulle ha vore gjort. No tenkjer eg først og fremst på hagen.

Men det var i alle fall nydeleg å få denne dagen. Ein gong måtte no sommaren kome.

No er eg spent på om snikkaren kjem i morgon og om han er i stand til å gjere noko.

                             


Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...