"Lene seg mot vinden" er ein frittståande oppfølgar til Havet Syng.
Vi er tilbake på Sunnmøre på midten av 1800-talet, og Kristiane lever saman med Lars og dei to borna hennar. Eldsteguten Anders veit at mora ønsker at han skal bli los, men han har store musikalske evner og mange planer som ikkje stemmer overeins med mora sine.
Kristiane søkjer til havet når ho treng å tenkje. Ein dag gjer ho ei skremmande
oppdaging nede ved den store steinen på stranda. Hendinga får store konsekvensar i bygda.
Dette er andre boka om Kristiane.
..............................................................................................................................................
I seinare tid har eg lese fleire bøker som er "sanne"- og eg har begynt å like å tenkje på at det eg les der har større "verdi" enn det som er dikta.. Men om ikkje det som eg les i denne boka har hendt i røynda, kan det hende at liknande hendingar har funne stad. Kven veit?
Etter at Trude Teige har gått over til å skrive på nynorsk når ho skildrar livet i fiskarmiljø på Sunnmøre har eg fått meir sansen for bøkene hennar. Om ein god del at det som står i boka er "pjatt" så er her eit slags mysterium som skal avdekkast. Trude Teige har jo skrive fleire kriminalromanar- så det kan ho. Eg gir henne også poeng for skildringa av fiskarmiljøet i "gamle dagar".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar