tirsdag, juli 05, 2022

Bok nr. 20 -2022: Havet syng.

 


Eg har alltid irritert meg over at Trude Teige skriv bøker på bokmål, til og med når hendingane er lagt til Sunnmørskysten. Men endeleg har ho lagt om til nynorsk.- og derfor las eg denne boka. Eg høyrde den på Storytel . Silje Breivik les den med den rette dialekten. Hendingane er lagt til Kvalsvik  og Ålesund og den regionen. Eg veit ikkje kva årstal som gjeld , men det er no i alle fall ein god del tilbake i til. Ho tek sikkert miljøet og tankegongen på kornet, sjølve hendingane er ikkje så interessante. Dette er no mi meining..

Frå nettet:

"Havet syng" er ei gripande kjærleikshistorie om ei sterk kvinne i eit mannsdominert kystmiljø. 1800-talet, Sunnmøre: Kristiane lovar far sin at losnummeret hans ikkje skal gå ut av slekta. Som kvinne kan ho ikkje overta losansvaret og må difor gifte seg med ein som kan og vil det. Mellom plikt og lidenskap må ho ta sine val. Dette er første romanen om Kristiane-

Den andre boka om Kristiane kjem den 19(?) juli i år.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...