tirsdag, juli 05, 2022

Dagbok 2022: 5. juli.


Klokka er no 16.55, temperaturen er + 10 grader, det har regna i heile dag og det ser ikkje ut til at det vil slutte. Eg har halde meg inne i heile dag.

La meg seint i går kveld, og vakna tidleg i dag, men stod ikkje opp med det samme. Som eg tenkte var ikkje foten så god i dag etter all jobbinga i går, men den kom seg litt etter kvart. Eg fann mange småjobbar som eg tok meg av, men så bestemte eg meg for å lage kveitebollar. Eg brukte same oppskrifta som eg plar bruke, og det vart 38 store bollar, som no er i frysaren. Eg åt bollar til middag og etterpå sette eg meg inn til TV-en -der eg hadde store problem med å halde meg vaken. Eg greidde i alle fall ikkje å følgje med på det eg skulle sjå. 

Marit har besøk av Oddrun og mannen hennar i dag. Dei har ein kvit Tesla. Even er ferdig med å ta bort det gamle tretaket og har lagt nytt. Det kjem ein fagmann som skal legge platene.Får håpe det sluttar å regne snart, men det er vel meldt regn lenge framover. Då kan det bli opplett i august når Brubakk kjem og skal legge mitt tak.

Eg må no kjøpe inne ein del mat til eg får gjestar, eg har ei liste som eg skriv på etter kvart eg kjem på noko. Eg har ikkje så mykje eg må gjere innom hus med det første, men garasjen må ryddast så snart det blir opplett, Brubakk skal vel ha saga si ståande der slik som sist han var her. 

Uansett er eg glad for at eg fekk klipt litt plen i går, mfor det kan bli lenge til det blir tørt igjen. Margrete og gjengen hennar har ikkje så fint ver som vi hadde då eg var med til Solund ifjor, men i går hoppa dei på sjøen frå kaia, så dei er no litt tøffe.

Eg håper ikkje vêret vert altfor gale når Rasmus kjem, for vi har nokre jobbar som skal gjerast UTE , med MOTORSAG. Eg ser fram til å få besøk.
 



Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...