mandag, februar 28, 2022

Dagbok 2022: 28.februar

                                                     Akkurat no



Klokka er no16.40, Temperaturen ute er+ 8 grader, men det blæs kald vind. Eg tok ikkje bort all snøen på altanen i går, for eg tenkte den smelta av seg sjølv over natta, det gjorde den ikkje. Snøen på tunet som ligg att er meir og mindre frosen til hard is. 
I dag morgon var det nydeleg vêr og sol, så arbeidslysta var ikkje til å stoppe. Eg hadde bestemt at viss det vart fint i dag skulle eg vaske på soverommet, for då får eg henge ut alle teppe og sengklede, så det vart gjort. Fekk også vaska litt i vaskekjellaren + eit par maskiner med klede.

Etterpå tørka eg støv og støvsuga på stova og gangen. Til middag i dag åt eg resten av grauten frå i går. Då var klokka 15.00. Men eg kunne ikkje gå tur, for foten var ikkje heilt bra.

Men eg hadde ikkje tenkt å gjere meir i dag. Eg skulle nok ha handla litt, men det gjer eg heller i morgon etter treninga, for då skal eg nedover uansett.

Eg sette meg til med strikketøy+ serie. Eg ser sjølvsagt nyheiter innimellom , men eg kan ikkje ha dei på heile tida, det orkar eg ikkje.

Det vart ikkje så fint som eg hadde håpa i dag, og no står det på skjermen min: "Regn kommer", så då veit vi korleis det blir. Eg er like glad , berre det held seg mildt og snøen smeltar.

Då eg kom inn på datarommet, såg eg at eg hadde fått meir spansklekse på nett. Denne veka skal vi øve p å gå på restaurant, bestille mat etc. Vi som har vore med heile tida, har vore gjennom dette før, men det er alltid noko nytt å lære.

 Qué aproveche ! (Bon apetit)



Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...