søndag, februar 27, 2022

Dagbok 2022: 27.februar

Dette bildet er frå toppen av Storebakken.

 Klokka er 17.07, temperaturen ute er +7,5 grader C, og i dag har vi hatt sol heile dagen, og no på ettermiddagen har sola varma godt både ute og inne. På føremiddagen var det vind og litt kaldt. Eg var urte på altanen av og til og hjelpte til så snøen skulle smelte fortare,  der er enno litt att, men den fer snart viss det ikkje blir kaldare. 

Eg hadde ikkje lagt ein skikkeleg plan for dagen og då går det berre opp i surr. På føremiddagen sat eg og strikka og høyrde radio, når eg ikkje var ute og tok meg av snøen. Til middag gad eg ikkje å lage så mykje , så det vart risgraut i dag. Åt så mykje godt i går at eg kunne ha ein kviledag. Eg sette meg inn i godsyolen og såg SERIE, men sovna to gonger. Heldigvis hadde eg ikkje kaffikopp i handa i dag. Eg er ikkje så glad i å gå tur med denvonde  foten min, men det gjekk no bra. Eg må ha tynn sokk på vondefoten, elles blir det for trangt. Det skjer ikkje mykje når eg går her åleine-men det er heilt greitt. Komande veke er det på an igjen med trening tysdag og torsdag, og spansk på onsdag.

I siste Møre-Nytt stod der mykje om snøen, som vi har fått så rikeleg av i år. Fram på dalane ligg det mykje snø på markane, men i ulykkesåret 1968 var det 2 meter MEIR enn i år. Det var det året raset gjekk på Riise. Det har ikkje vore ulykker her i år, men det var ei dame som datt ned og skada seg frå fjellet Sylvkallen. Eg veit ikkje akkurat kvar det fjellet er, men det er i Ørsta kommune.

No skal eg lage meg litt kaffi såpass eg held meg vaken. Eg har nesten ikkje lyst å sette på TV og høyre om krigen og Putin som til og med snakkar om atomvåpen.Eg grøssar.

Starevegen i dag.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...