Volda sjukehus får mange store tilbygg no.
I dag har eg vore på ei reise-stort sett åleine. Eg hadde bestilt taxi til litt før halv ni, men vakna mellom klokka 5 og 6. Stod like godt opp for eg fekk ikkje sove likevel. Var ferdig med frokosten før klokka var 7, så eg hadde god tid til dusjing etc.
Taxien kom før halv ni, og sjåføren var nesten på alder med meg. Han køyrde ikkje så fort og eg fekk sitte framme og prate med han på turen. Eg fekk mellom anna vite at materialar til bordkledning har stige veldig i pris-frå 24kr. meteren til 100. Turen kosta meg over 300 kr. Men eg fekk no tre gratisreiser til Ulsteinvik med Taxi, så eg må no vere fornøgd.
Eg fekk komme inn til legen med ein gong, og ho var så blid og hyggelig at det vart ei kosestund. Ho forklarte meg litt om sjukdommen, som er i blodet, men den er ikkje så veldig alvorleg. Eg hadde forresten ingen av dei symptomane som ho spurde etter. Det blei tatt ei beinmargsprøve. Då måtte eg ligge på ei "seng" og få lokalbedøvelse. Kjende berre nokre små stikk-ikkje vondt i det heile tatt. Både legen og ho som hjelpte til har vakse opp her i Starevegen, men dei er såpass mykje yngre enn eg at eg har ikkje hatt så mykje med dei å gjere. Legen vart eg kjend med då Nils låg der. Ho er utdanna som kreftlege, så eg hadde mine bange anelsar. Og ja, "sjukdommen" min kan utvikle seg til kreft, men det var ikkje så veldig farlig det heller for det går i tilfelle veldig seint, og der er hjelp å få. All angsten min forsvann, og eg vart glad og letta.
Desse bilda er tatt frå Elvavegen
Eg kom til å tenke på tanta mi, Møyfrid, ho opplevde ein heil roman kvar gong ho tok bussen frå Eid til Stryn.
Klokka er 13.50, temperaturen ute er + 2,5 grader C. Det er lettskya, opplett og litt sol akkurat no.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar