Den 14.november 1936 vart Nils fødd; han kom til verda heime i huset som dei hadde bygt i Trovågen og flytta inn i samme hausten. Anne Marie, søstera til Nils var ca. 1,5 år gammal. Den gongen var ikkje elektisitenen komen til Trovågen og heller ikkje var der veg. "Vegen" var sjøen. I dag er det 85 år sidan Nils vart fødd, men han fekk ikkje oppleve å bli så gammal. Det var på 80 årsdagen at han vart sjuk for alvor og all feiring vart innstilt. Men alle åra før prøvde vi å samle familien for å feire fødselsdag og farsdag i eitt.
I dag tok Marit og eg turen til kyrkjegarden på føremiddagen mens sola var delvis framme for å tenne lys på gravene. Eg fekk berre sett nye batteri i lykta, for lysa som eg tende førre søndagen var heilt nedbrende.
Då vi kom heim att gjekk eg ein tur på Fonnvernet, hadde ikkje vore der på nokre dagar.
Det var ein fin haustdag med snø på alle fjelltoppar, men heldigvis berre der. Solveig hadde sendt melding om at ho kom ein tur innover og ville tende lys på grava. Ho hadde tent lysa før ho kom hit, sidan eg hadde vore der før. Dermed kom det også levande lys på grava til han vi alle saknar, men tenker på og hugsar med glede.Solveig sitt bilde, tatt i skyminga
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar