mandag, august 02, 2021

Dagbok 2021: 2.august

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 16 grader, det er sol og vind. Det er tørt overalt, det vesle regnet som kjem om natta monar ikkje, så eg lurer på å ta ut slangen. Bøndene syter for andreslåtten. Tørke er eit nokså ukjent problem her hos oss, eg er no glad for kvar dag det ikkje regnar. I dag hadde eg bestemt meg for å slå plen, til tross for at graset ikkje var faretruande høgt, Men først shina eg opp kjøkkenet of rydda litt inne før eg sette i gang. Eg fekk no sveitte litt i dag også sjølv om temperaturen ikkje var så høg. Klokka var 13 før eg var ferdig med slåtten og hadde spylt klipparen etc.Det varte ikkje så lenge før eg begynte på middagen, som i dag vart pannekaker med steikt bacon og blåbærsylte. Eg åt meg godt mett og sette meg i godstolen med ein kaffikopp, eg er ikkje sikker, men trur at eg kanskje var borti og blunda litt. Så bestemte eg meg for å plukke litt bær i hagen. Det vart til at eg gjekk laus på solbærbuska, Bæra var ikkje så veldig godt modne,eg plukka noko, men ikkje alt. Der var nokre lange greiner som låg heilt ned i graset og dei klipte eg av. Så reinska og skylte eg bæra og hadde dei i ein kasserolle i frysaren. Der var ca.1,2 kilo bær. Eg har ikkje tenkt å sylte etter kvar, men ta ein skikkeleg syltedag når eg har meir bær.
Stikkelsbæra er også delvis modne, det er litt arbeid viss ein skal klippe dei i begge endar og den må eg no. Eg har mykje å gjere i hagen, men det er slikt arbeid som eg likar. Eg fekk melding frå fysioterapeuten om at det ikkje blir trening i morgon, altså får eg ein "fridag"-eg tenkte å ta ein tur på VØR med hageavfall m.m. -ikkje granbaret men sekker eg har ståande rundt omkring. Eg lurte på å ta ein tur på Vernet før klokka 19, men då må eg henge i viss det skal bli noko av.Håper alle er bra og koronafri.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...