fredag, juli 02, 2021
Dagbok 2021: 27.juli
I dag såg det ut til å bli fint vêr, men i staden bles det opp og skya over. Vi var invitert til krabbe og kreps på kaia på Nåra, noko vi gledde oss til. Margrete heldt på å lage litt mat for vi måtte ha litt å bite i før vi for. Brått ser eg ein liten gut i døra, ein som eg kjende. Ingar! sa eg. Det var Rasmus og familien som dukka opp. Eg trudde at alle vart like overraska, men så viste det seg at det berre var eg som vart overraska-dei andre visste at Rasmus og familien skulle komme. Dei hadde leigt eit anna hus, like bortanfor oss. Det vart sjølvsagt stor glede at fleire i familien dukka opp. Dei som kom frå Kongsberg fekk også vere med på Nåra og krabbefesten.Til tross for at det var litt kaldt i veret kunne vi sitte ute og ete så mykje vi berre orka. Eg smakte sjøktreps for første gong -og det var godt! Om kvelden fekk barna vere i vårt hus og dei vaksne samla seg hos Rasmus. Dei fekk sjølve bestemme kva gruppe dei høyrde til.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:13.april
Klokka er no17.00, temperaturen ute er +15 grader , det er overskya , men opplett, men maskina spår regn. Ikkje akkurat slik ein vil ha det ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar