fredag, mai 07, 2021

Dagbok 2021: 7.mai

Klokka er no 16.20, temperaturen ute er + 11 grader, sola skin, men det er kald vind. Så langt har eg hatt ein aktiv dag, men no stilnar det, no er det oppvaskmaskin og klesvaskmaskin som jobbar for meg.- I dag hadde eg avtale med Einar om at han skulle komme innover og skifte til sommardekk både på sin eigen bil og på min. Eg har ein god jekk og så har vi ei lita maskin som vi brukar på mutterane. Eg tenkte at eg kunne bli ferdig med fredagsvasken før Einar kom, og det heldt nesten, hadde halve kjøkkengolvet att då bilen trilla inn på tunet. Eg hadde bruna saus og henta fram kjøttkaker før eg begynte å vaske, og poteter og gulrøter skrella eg i går-for eg rekna no med at Einar ville ha middag med meg. Det gjekk fort og greitt å skifte hjul, så det vart relativt tidleg middag Det blir ofte kjøttkaker når eg får besøk på relativt kort varsel. Eg brukar å lage opp kjøttkaker av og til og ha i frysaren, det er lettvint å ta att. Etter at vi hadde ete og drukke kaffi og prata ei stund, køyrde vi kvar vår bil ned på Shell for å sjekke lufttrykket. Men det var ikkje så lett, for målaren var i ustand .Eg trur eg har litt for mykje luft i ringane no.Eg synest det er litt rart at ikkje bensinstasjonen sørger for å ha alt i orden.- Einar reiste heim att, men eg tok ein tur fram på Moflata til EIK-senteret og kjøpte 2 sekker a 25 kilo med plengjødsel. Det kan no hende at eg kjem til å trenge meir. Handla aldri så lite på KIWI på heimvegen. - I dag før middag fekk Marit ordna det slik at ho får time på samme tid som eg -i Ulsteinvik- det er komande tydag , den 11. mai vi skal dit. Vi får taxi frå Pasientreiser.Ja, no vil eg håpe at det ikkje blir fleire bomturar.Det er så fint ute no, men eg trur ikkje eg begynner med hagearbeid i dag. Det kjem vel fleire fine dagar framover. Gjødselen skal eg ha utover viss det kjem ei lita regnmbyge, og det gjer det nok. No skal eg ta meg ein tur ut og sjå om eg finn eit fint fotomotiv.Så ønsker eg alle ei god helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...