tirsdag, januar 26, 2021
Dagbok 2021: 26. januar
Bildet over er frå "Millionærsvingen"
Klokka er no 15.20, temperaturen ca. 0 grader og no snør det igjen. Det hadde kome mykje snø sist natt, og Erik var i gang med å moke før eg var ferdig med frokosten. Snøen var lett og fin. Eg sa at han trong ikkje å moke så mykje til meg for eg skulle ikkje ut med bilen. Mens han moka tunet , moka eg trappa og altanen, også den vestover; lettare å ta 20 cm nysnø enn 30 cm tung snø. Då hadde det slutta å snø, og det var fint ute. Eg hadde støvlettar med broddar på, så eg gjekk ein tur, ikkje på Vernet, men rundt omkring på Vallabøen. Øvst i Storebakken trefte eg ein mann som eg kjenner, han var ute og moka tunet sitt. Vi blei ståande å prate litt-og eg vart så forundra over at han var blitt så liten og gammal.Då eg gjekk vidare, merka eg at eg ikkje hadde briller på meg-ikkje rart at han vart liten.Trefte eit par naboar også, ein med piggsko og ein som meinte at broddar var best. Då eg var heime att, tok eg og moka ein del på tunet, fordi det var så kjekt å vere ute. No har det skya til igjen og det snør litt også. Eg pratar med Marit heile dagane-på Messenger. Ho er framleis litt forkjøla. Og så fekk eg langt brev frå Bodil-på Messenger, det har eg printa ut, slik at eg har det. Ho skriv kva alle barn og barnebarn styrer med, eg har sagt at eg likar å få vite slikt, og gjerne skriftleg, slik at eg ikkje gløymer det. I dag laga eg pannekaker til middag, det var sist haust eg begynte å lage middagar til meg sjølv,etter 2-3 år utan mange middagar. Eg greier aldri å lage passeleg lite, så det blir to dagar med pannekaker også. Det blir ikkje så mykje "gjort" i huset med meg, litt tidleg å begynne med husvask etc., så no skal eg sette meg til å strikke med lydbok på øyret.Eg har fyrt i omnen, så no forlet eg datarommet og flyttar til godstolen i stova.
Starevegen i dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 2.mai
Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar