torsdag, desember 03, 2020

Dagbok 2020: 3.desember

Klokka er no 16.20, temperaturen ute er + 5 grader og det er opplett. Denne dagen har gått opp i "tull", noko som ikkje er heilt ukjent når ein "skal noko" midt på dagen. Det var trening frå kl 12.30, så det var ikkje råd å sette i gang med noko heime når eg skulle dusje og vaske håret før vi for. Derfor strikka eg litt på ein lest, og jobba med spansken. Etter trening skulle Marit og eg handle på Spar; butikken er stor og vi er ikkje så godt kjende enno, så det blir mykje at vi går og leitar etter det eine og det andre. Og då vi kom heim vart vi sittande å prate i bilen slik vi plar gjere, så klokka var nærmare halv fire før eg kom inn i mitt eige hus.Det var mykje post i postkassa mi i dag. Det meste frå Torbjørn. Eg fekk Øystein si bok i retur, med mange godord, og så fekk eg ein liten presang, som eg skal lese i osb.Sidan eg ikkje hadde ete sidan frokost begynten svolten å gjere seg gjeldande. Det var ikkje aktuelt å begynne med middag, men eg hadde eit stort rundt julebrød som eg hadde kjøpt. Der var rosiner i, men ikkje sukat. Sukat fann ikkje Marit og eg på butikken heller. Det er så mange som ikkje likar sukat, at dei gløymer at også mange vil ha det. Det var ymse vi ikkje fann, men det kjem dagar etter desse. Eg åt meg visst litt FOR mett på julebrød med brunost -med kaffi attåt. Resten av dagen går vel med til å gå gjennom posten, strikke ferdig lestane eg held på med m.m. I går skulle eg strikke ny lest på to gamle brot. EG leita etter høveleg garn i posane mine, og fann noko, men så kom eg på at eg har ei heil stor plastkasse i kjellaren med garnrestar som er ordna etter farge-men ikkje kvalitet. Eg fekk dårleg samvit av å sjå alt som ikkje var blitt brukt. Men kva skal ein gjere. Før strikka eg diverse "hønsestrikk"-gensarar til barnebarna, og diverse dukkeklede.No gjer eg ikkje det. Lestar kan eg strikke, men ikkje alt garn er så slitesterkt at det høver. Gryteklutar har eg nok av.......Dersom nokon har eit tips så kom med det. Det var kjekt å sjå og høyre Gro Harlem Bruntland på TV i går. Ho er vel ca 1 år eldre enn eg, men blir behandla som om ho framleis er verd å høyre på. Det likar eg. Det eg ikkje likar er at Frp. fekk igjennom at vi skal få billigare snop og brus etc. Viss dei vil gjere noko for folkehelsa, skulle dei subsidiert sunn mat som frukt, bær og grønsaker.( Ja, eg veit at det er på grunn av at dei vil svekke svenskehandelen.)Folk kjøper helst det som er billeg.No skal eg felle av siste "restelesten" og ta eit bilde.Eg har eit par til som skal ferdigstillast.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...