onsdag, desember 02, 2020

Dagbok 2020: 2.desember

Klokka er no 15.06, temperaturen ute er+ 8 grader C og det er litt vind. Vind likar eg godt; det er så sjeldan det blæs her. Sist natt sov eg godt, heilt til kl.9 i dag. Det første eg kjende etter var om halsen var like sår, det var den ikkje. Når eg har så mykje fokus på den stakkars halsen er det fordi eg lurte på om det gjekk over i forkjøling og då måtte eg teste meg. Heldigvis slepp eg det denne gongen, og no må vi berre passe oss heilt til vi har fått vaksinen.I morgon skal eg på trening igjen, og så må eg handle litt. Hadde så smått tenkt å handle i dag, men no er det for seint, det mørknar tidleg. I dag har eg vore rimeleg aktiv. Etter frokost og litt Facebook, sette eg meg til å strikke mens eg la planar. Først sette eg ein brøddeig, og mens den heva gjekk eg ein runde på Vernet, der var ein god del folk i dag. Då eg kom heim att baka eg ut brøda og sette til heving-og så i steikomnen. Eg kokte ein del syltetøy sist sommar av plommer og bær frå hagen. No minka det litt på lageret så eg bestemte meg for å sylte meir plommer. Eg tok opp 4 kilo frå frysaren som eg kokte i to porsjonar. I sommar hadde eg hatt for mykje sukker i sylta, 1 kilo sukker på 2 kilo plommer blir for søtt, så i dag tok eg litt mindre. Eg var ferdig med alt og hadde rydda opp då det var tid for middag. I dag vart det suppe frå i går + dessert som var skalken på eit nybakt brød + plommesylte og ein kopp kaffi til. No er eg bra nøgd med det eg har gjort hittil i dag, så resten av dagen/kvelden går vel til hobbyane mine; strikking, Spansk, sudoku, lesing og TV. Det er alltid noko å styre med og dagane/kveldane vert som regel for korte.No skal eg slappe av med litt meir kaffi.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...