søndag, november 08, 2020
Dagbok 2020: 8.november
Klokka er no 17.10, det er mørkt ute. Det har vore litt vått i dag også, utan at eg kan gjere greie for kor mykje det har regna.
Eg var oppe til vanleg tid, og føremiddagen brukte eg til å strikke litt, rydde på plass og sette i gang fryseskapet, sjekk facebook etc., men mest tid brukte eg på spanskleksa. Eg må rekne med minst ein spansktime for dag, til vanleg, men når eg i tillegg må skrive av leksa, går det meir tid. Då klokka var ca.14 gjekk eg ut, og i dag vart det to runder på Vernet. I dag trefte eg ingen kjende, men eg var der heller ikkje åleine. Når eg alltid tek bilde på turane er det for å vise vêr og årstid.
Det blei middag kl.15 i dag også, det var berre å varme opp resten frå i går. Så sette eg meg til å sjå "Hver gang vi møtes" på opptak, og då tru eg at eg sovna dei siste minutta. Men så sette eg over på NRK 1 og fekk høyre talen til Biden, eller i alle fall mykje av den. Han har store planar for kva han skal gjere, godt gjort når han er såpass gammal. Men han har vore lenge i "gamet".No har eg ein liten kaffitår på gang på kjøkkenet, kvelden er enno ung -det er lenge til leggetid. Kveldane er det heilt greitt å vere her åleine, for då er det mykje å sjå på TV.
I morgon, viss ikkje vêret er altfor gale, må eg prøve å komme meg bort på VØR med eit lass hageavfall. Det blir kanskje det siste i år-eller kanskje ikkje.
Det er mange som les bloggen min, har eg fått vite, men sjelden nokn som skriv kommentarar under.Kunne tenke meg små livsteikn.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar