søndag, november 29, 2020
Dagbok 2020: 29.november
Klokka er no 15.30, temperaturen ute er + 7 grader C , det er opplett, men likevel litt vått i lufta.
I dag har det vore ein avslappa dag, rettnok har vaskemaskina gått, og eg har bakt brød, men mykje av føremiddagen sat eg framfor TV-en og såg serie-episodar i lag med Marit, ho hadde gått glipp av nokre, så eg inviterte henne til å sjå her på NRK TV. Etterpå ville eg fram på grava og tende lys og Marit vart med. Så kom vi oss litt ut i dag også. Eg ville ikkje gå tur på Vernet i dag sidan eg vart såpass låk i knea i går då eg gjekk ned og oppat frå hotellet med støvlettar med hælar. Det var ikkje bra.
No har eg ete restar frå fredag til middag i dag, til kvelds ein gong ut på kvelden, skal eg ete av det ferske brødet. Eg skulle ha gjort både det eine og det andre, men det blir vel helst å slappe av med bok,TV og strikketøy. Og så vaskar eg klede i kjellaren imens. Eg skriv på storemaskina no, ho virkar ikkje heilt som ho skal, men håper det går bra med bloggen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar