torsdag, oktober 22, 2020
Dagbok 2020: 22.oktober
Klokka er no 17.40 og sola har nettopp forlatt Starevegen. Det har vore ein nydeleg dag, sol frå morgon til kveld og ikkje særleg kaldt. No er det berre 3 grader ute, men det er i alle fall +. I dag greidde eg å få støvsuga alle teppegolva før eg gjorde meg klar for trening. Då har eg berre att å vaske bad og kjøkken så er fredagsvaken i boks. I dag var det trening 12.30-13.30, så då eg kom heim ,etter at vi hadde handla litt på Kiwi, såg eg meg om etter middagsmat. I dag fokuserte eg på desserten og tok fram riskremen frå frysaren. Så no er den ein saga blott. Eg prøver å ikkje lage så mange restar.
I dag var eg litt trøtt så eg la meg på sofaen med ei bok ei lita stund. Så gjekk eg ut og spylte trappa, før eg gjkk laus på klematisane mine,dei som står nedanfor tilbygget, klipte dei heilt ned og fekk opp i to store sekker med hageavfall. Det er lenge sidan eg var på VØR no, og eg må ha enda litt meir før eg tek ein ny tur. Eg har til dømes to store klematisplantar til, dei står og blomstrar så eg har ikkje hjerte til å putte dei i ein sekk. Prøvde å klippe litt av eføyen også, fann ikkje rette saksa i dag, men den dukkar vel opp. Det verste med eføyen er at eg blir veldig "forkjøla" så snart eg nærmar meg og så blir eg ståande tvekroka å nyse. Og det endatil eg tek allergi- tablettar. Ein av naboane har drive og saga greiner av ei bjørk, men eg veit ikkje om han skal ta heile.Eg skulle ønske eg hadde ei bjørk, så kunne eg ha vore sjølvforsynt med ved. Det er vel litt for seint å tenke på det no.I morgon skal Øystein komme og male ferdig utedøra mi, det vart endelig bra vêr igjen. Eg har slik fredagskjensle i dag, men det er heldigvis berre torsdag.Eg er glad for kvar dag vi ikkje har snø og kaldt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar