Klokka er 20.15, og enda ein nydeleg dag går over i historia-sola skin enno frå klår himmel, og temperaturen er + 23 grader C. Kor varmt det kan ha vore tidlegare i dag, veit eg ikkje, men det har vore varmt nok.
Då eg vakna i dag kjende eg med ein gong at høgrehanda mi var betre enn i går, sjølv om den er langt frå bra. Eg greidde i alle fall å få kleda på meg ganske raskt. Sola var ikkje framme då, men den kom etter kort tid.
I dag skulle Einar komme og male litt igjen, så då måtte eg lage middag til to-det er mykje kjekkare enn å lage til ein. Eg hadde ferdiglaga kjøttkaker i frysaren, så eg skulle berre lage saus. Eg likar å lage saus på gamlemåten frå grunnen av, og det gjorde eg i dag. Eg sette kjøttkakene på tining i sausen. Men eg var lens for poteter, så eg måtte ein liten tur på butikken - ikkje noko problem når bilen går.
Då Einar kom i 13-tida var himmelen klar og blå og sola var varm. Han sette i gang med å male, mens eg dreiv og vatna litt på åkrane mine. Eg skulle hatt ein lenger slange så hadde eg sluppe å gå og bere på kanna.
Ca. klokka 15 åt vi middag og den kosa vi oss med og åt godt. Det blei som vanleg is og kaffi til dessert.
Etter at Einar hadde reist og eg hadde rydda opp, var eg ein snartur opp til Marit som sak ute og strikka. Etterpå la eg meg på solsenga med Storytel. Eg fann ikkje att boka eg las i går, så eg begynte på ei anna som var SVÆRT lettlesen. Plutselig kom Marit ut på altanen til meg, og så vart vi sittande å prate til det vart tid for dagsnytt.
Dette vêret er berre eventyrleg og etter den vinteren og særleg den våren vi har hatt, prøver vi å nyte kvar solståle .
I morgon skal Marit og eg på trening igjen-men vi er ikkje så motiverte akkurat.
Den yngste av døtrene til bror min har fødselsdag i dag-eg hugsar godt den dagen ho vart fødd, det var også ein fin og varm dag.
Gratulerer med dagen, Hilde !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar