søndag, mai 31, 2020

Dagbok 2020: 31.mai

                                                          Akkurat no.

Klokka er no 17.30, temperaturen er + 26 grader og det er nydeleg vêr. Det er sol og blå himmel frå morgon til kveld desse dagane, så lenge det varer. På føremiddagen i dag var det nesten FOR varmt, då stod gradestokken på +28 grader. Eg skulle prøve å ligge på solsenga på altanen-men det vart  travelt. Eg har halde meg inne og på altanen i heile dag. Har ikkje snakka med ei sjel-knapt nok sett ei. Eg kunne sjølvsagt gått ein tur, men eg blir så "trøtt" i føtene når det er varmt. Det kan hende eg må vatne litt i hagen no i kveld. Hageslangen min er ikkje god. Det er "framstykket" som er øydelagt og sprukke så vatnet fer i alle retningar. Kjøpte eit nytt "framstykke" -men er trur det må noko meir til. Eg treng slangen når eg vaskar stuevindua og  spylar altanen også. Eg har ikkje gjort ein einaste fornuftig ting i dag-anna enn å tømme oppvaskmaskina. Mykje av dagen har gått med til å høyre ferdig lydboka som eg har lese i det siste. 
Eg likar ikkje så godt raude dagar, for det er så lite å finne på når eg er åleine. Marit for på tur til Stryn i dag, men i morgon skal vi på Plantasjen viss der er ope. Eg må kjøpe nye kasser utanfor kjøkenglasa og plante i dei. Skulle ha kjøpt noko meir til hagen , men eg veit ikkje kva eg vil ha. Gras er det nok av her.
No har eg hatt meg eit lite måltid, har ikkje lyst på mat når det er varmt, så ein må nesten vente til sola går ned. Desse to siste kveldane har vi sete ute på Marit sin uteplass, der er det fin sol til klokka er over åtte(20) Her på altanen min blir den borte litt før. Det er i alle fall kjærkome med sol og varme etter ein lang vår med mange snøfall, regn og lite sol.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...