fredag, mai 29, 2020

Dagbok 2020: 29.mai

Klokka er 17.05, temperaturen ute er + 20 grader C og det har vore sol og strålane vêr i heile dag. Eg har vore ute det meste av dagen. Det er mykje å gjere i hagen når ein er åleine om det, men kjekt å ha noko å gjere på. På føremiddagen var eg ute og rydda i hagen, eg fekk låne " løvetannopptakaren" til Urke og fekk tatt opp mesteparten av løvetennene mine med rot. Det var litt kjekt å halde på med. Så dreiv eg og klipte gras rundt jordbæråkrane med vanleg saks, det var ikkje SÅ populært, sidan eg greidde å få hol på skinnet på ein finger.  Eg var så dum i dag at eg ikkje brukte hanskar, så no veit eg ikkje kva tid eg kan stille med reine hender igjen. Akkurat no er dei både grøne og svarte. I 15-tida var eg inn og åt litt, før eg gjekk ut att og klipte plenen rundt huset. No reknar eg med at eg har hatt lang nok arbeidsdag-for alderen. Det røyner litt både her og der, så eg må ha diverse pausar innimellom. No skal eg vaske meg litt og ta på meg litt andre klede og så skal eg sette meg opp på uteplassen til Marit. Resten av familien skal til Stryn, der dei har campingvogna ståande.

Det har vore mange fødselsdagar i familien i år, og fleire blir det no i juni, i dag er det Amanda som fyller år-heile 20 år er det blitt. Og sidan ho er fødd i året 2000 vil det alltid vere lett å hugse kor gammal ho er.
    GRATULERER MED 20-ÅRSDAGEN, AMANDA

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...