onsdag, mai 13, 2020

Dagbok 2020: 13.mai


Klokka er 17.30, temperaturen er +6 grader C, og no skin sola. Bildet over tok eg på heimvegen, for ei lite stund sidan. Då hadde eg vore ein tur på Vernet. Der bles det og hagla forferdelig ei stund for vinden spakna litt og det begynte å snø. Før eg var heime var det slutta å snø også, så veret er skiftande, ja. Og no er det altså strålande sol.
Eg var glad i dag tidleg då eg stod opp for at det ikkje hadde kome særleg med snø sist natt. Eg hadde tenkt meg ut på sommardekk og då bør det helst vere bert. 
No har eg gått inne i huset og pusla i fleire dagar, så eg var i grunnen lei. Men eg sette ikkje i gang noko storarbeid i dag heller; eg sette meg til med Storytel og kabal rett etter frokost. No har eg begynt på 2.boka i serien, "Judaskysset" , den handlar om ein ung vakker mann som sjarmerer gamle enker og andre einslege kvinner, og lurer frå dei pengane. Eg likar betre å lese krim som er skive av damer, dei er ikkje så opptekne av skytevåpen ag andre bestialske ting. Margrete les samme serien, men ho er komen lenger enn eg.
Då det leid på føremiddagen vaska eg håret og shina meg opp litt, men det var etter at eg hadde shina kjøkkenet. Laga meg litt middag også i dag, det vart ein spagetti-rett. Etter å ha slappa av litt, fylte eg bagasjerommet med tomflasker og køyrde ned på Kiwi og panta dei og handla aldri så lite med det samme.
Då eg kom heim att hang der ein lappe på døra om at Aret ville komme i morgon - og feie pipa. Og då eg kom att frå turen på Veret måtte eg leite fram stigen. Den plar ligge ovafor garasjen, men på grunn av måling av hus, låg den på altanen. No har eg lagt den attåt husveggen der som den brukar å vere når feiaren kjem. Eg har også varsla dei i kjellaren.
Tok nokre bilde av bedet nedanfor garasjen med det samme eg var ute. Der er masse tulipanar som ikkje har sprotte ut enno, og det er no bra. Om rabarbraen er brukbar veit eg ikkje.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...