søndag, februar 16, 2020

Dagbok 2020: 16.februar

Klokka er 17.05, temperaturen ute er+ 6 grader C,; det regnar og blæs.
Då eg stod opp i dag tidleg, lova eg meg sjølv at eg i dag skulle vere ekstremt lat, og det løftet har eg halde. Det einaste eg har gjort er å legge i hop ei maskin med klede-så no er eg ferdig med heile klesvasken - eg begynte fredag. Middag i dag vart resten av kjøttkakene frå fredag, kokte nye poteter til.
Elles har eg sete og strikka litt og høyrt radio, men mest har eg lese. Når ein har lånt ei bok på over 500 sider på biblioteket, må ein sette av litt tid til lesing. Men då eg sette meg til å lese etter å ha ete middag, då sovna eg, så eg flytta beint bort på sofaen og sov vidare. Eg hadde fyrt litt i omnen så det var lett å bli døsig.
Det einaste oppdraget eg hadde denne helga, var å passe Lollo, katten til Marit. Eg gjekk ut på trappa i dag tidleg og ropte på henne, og då kom ho springande. Eg gav henne mat, men neste gong eg ville fore henne slapp eg å rope, for då sat ho på trappa. Inn vil ho aldri, og no ser eg at dei er komne att.
Spanskbøkene har eg liggande på kjøkkenbordet, så dei tek eg ein kik på av og til.
Eg kjeder meg aldri om eg er åleine ein dag eller to. Eg har mykje eg kan gjere viss eg vil. I dag skulle eg eigentleg ha mosjonert litt, men vêret freista ikkje til uteliv.
No skal eg sjå om eg finn meg ein liten kaffikopp.
Reknar med at eg kanskje får litt besøk i vinterferien, og i så fall vil eg gjerne ha eit lite vink før de kjem, såpass eg har noko å servere.

1 kommentar:

Unknown sa...

Your Affiliate Money Printing Machine is ready -

And getting it running is as simple as 1, 2, 3!

Here is how it all works...

STEP 1. Tell the system what affiliate products you want to push
STEP 2. Add some PUSH button traffic (it LITERALLY takes 2 minutes)
STEP 3. See how the system explode your list and sell your affiliate products all on it's own!

Do you want to start making money???

The solution is right here

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...