mandag, februar 17, 2020

Dagbok 2020: 17.februar


Morsdagsgåver frå Margrete. Ser ut som om ho ønsker seg ei ung og vakker mor-men det kostar!



Klokka er no 17.40, temperaturen ute er+ 5 grader C, det regnar og blæs litt.
Fekk ein støkk i dag då eg såg på datoen i dag. 17.februar! Det er fødselsdagen til barndoms/ungdoms-venninna mi. Og det kom brått på. 80 år i dag - og eg har ikkje sendt gratulasjon ein gong. Eg leita etter telefonnummeret hennar på 1881, men der var ikkje hennar nummer, berre mannen sitt. Eg prøvde å sende melding, det gjekk ikkje, så det var vel ein fasttelefon. No håper eg ho ser inn på bloggen, såpass eg får seie:

GRATULERER MED DAGEN, AMBJØRG !

Eg var ikkje heilt bestemt på kva eg skulle gjere i dag. Margrete + barna skulle komme på besøk, men eg skulle kanskje ein tur til Vik først. Nei, det slo eg ifrå meg, for i morgon skal eg nedover uansett, for då er det trening.
Margrete& co kom relativt tidleg på føremiddagen. Middag skulle dei ha seinare, så eg raska berre i hop litt av slikt eg har på lur av brød, pålegg etc. og så kokte eg kaffi. Amanda var på jobb, men dei tre andre var med; Ingeborg, Eirik og Erlend. Vi hadde som vanleg mykje å prate om, så tida gjekk fort. For sikkerheits skuld hadde eg sett kakeforma til Margrete midt på kjøkkenbordet, den har stått her sidan jul, men eg presterte å gløyme den i dag også.

Før dei kom i dag hadde eg hatt på oppvaskmaskina og tømt den og så hadde eg shina litt på kjøkkenet. Dessutan hadde eg vaska håret. Eg synest det er tungt å få gjort noko særleg desse våte , mørke dagane, energien ligg berre litt over null
No har eg sete så lenge i ro at eg føler eg MÅ røre meg. Eg tek meg kanskje ein liten tur rundt Storebakken, for mosjon og frisk luft. 

Ingen kommentarer: