lørdag, februar 15, 2020

Dagbok 2020: 15.februar


Klokka er 17.02, temperaturen er + 6 grader , det er lettskya, opphaldsvêr og vi har sett sola av og til i dag.
Eg vakna med kjempevonde armar i dag, men det kom seg litt etter kvart. Eg hadde ikkje lagt store planar for dagen, men tenkte eg måtte handle litt anten på ALTI eller på Kiwi. Men då eg såg frisyren min, tenkte eg det var best å vente til det leid på dag/kveld. I mellomtida skreiv eg ei melding til frisøren min, ho skulle vere bortreist til og med onsdag, men laurdag førstkomande får eg stelt håret mitt. Det trengst. For her berre å surra på føremiddagen, la i hop klede og rydda litt, studerte litt på spansken etc. Så fekk eg ideen om å gå på Vernet, kunne i alle fall gå opp og sjå kor der såg ut. Eg såg at der var snø, men eg såg også fotefar, så eg tok sjansen. Det var tungt å gå i snøsørpa, og våt vart eg på beina, men eg tenkte som så, at no vart det skikkeleg trim. Då eg var halvvegs ringde Einar, han ville komme på besøk, og det var no kjekt. Eg trudde at han var like om hjørnet, så eg fann fram litt mat herifrå og derfrå, det var ikkje tid å lage "skikkelig" mat, men han kom ikkje så fort som eg trudde. Einar er ikkje kostforaktar, så han et det han får. Vi hadde ei koseleg kaffistund, før han skulle innom ALTI på veg heim att
Eg tok ein tur på Kiwi, då slapp eg å kle meg om, venta til så langt på dag at det ikkje skulle vere for fullt på parkeringsplassen, men der var fullt nok.
Elles er eg særs nøgd med at Margrete fekk godtatt masteroppgåva si, så no kan ho kalle seg lektor. Håkon er også snart lektor, han har berre litt att av utdanninga si. Han er ferdig med masteroppgåva.
Eg begynte på eit strikketøy i gå kveld, men eg trur eg må ta det litt med ro når det gjeld strikking. Må prøve å få litt orden på armane først.





1 kommentar:

Unknown sa...

Your Affiliate Profit Machine is waiting -

And making money with it is as easy as 1 . 2 . 3!

Follow the steps below to make money...

STEP 1. Choose affiliate products you intend to promote
STEP 2. Add some PUSH button traffic (it LITERALLY takes 2 minutes)
STEP 3. Watch the affiliate system explode your list and upsell your affiliate products all on it's own!

So, do you want to start making money?

Your MONEY MAKING affiliate solution is RIGHT HERE

Dagbok 2024: 14.mai

Desse tulipanane har eg planta sjøl og dei har stått i beddet ved garasjen i mange år. Dei har ein nydeleg raud farge, ikkje knallraude som ...