onsdag, juni 26, 2019

Dagbok 2019: 26.juni

Dette er ein kultivert versjon av Storkenebb. Eg tre slike som eg fekk av Sissel då ho budde i Starevegen.Humlene likar godt desse. Eg har lagt merke til at humlene likar godt blå blomster.

Dette er ein Skjærsmin.Då bestemor og bestefar budde på Hildegard stod der ein slik ved det sørvestre hjørnet av huset

Peonane mine er ikkje så veldig fylte akkurat, men fine likevel med sin knallraude farge.

Klokka er 17.15, temperaturen er + 17 grader, sola skin og det blæs litt. Frå morgonen av var det skodde langt nedover fjellsidene, det var grått og kaldt. Men no har vêret betra seg betydeleg.
Det vart ingen "flying start" på dagen i dag. Eg vart sittande ei stund å høyre ferdig lydboka mi, mens eg strikka. Etter kvart kom eg i siget og gjekk ut for å reinske vekk gras og ugras i singelen på tunet. Det var ikkje så veldig kjekt, dessutan vart eg dårleg ryggen av det.
Eg følte at bilen hadde stått i ro litt for lenge, og då blir det ei kvide å ta laust. Men eg beit i det sure eplet og starta opp. Det vart ein tur bort i Furene på Plantasjen og på Coop. Eg kjøpte ikkje så mykje på Plantasjen, for eg fann ikkje det eg ville ha. På Coop kjøpte eg mat. Eg hadde behov for garn til å strikke ferdig påbegynte lestar, så eg køyrde bort i Vik og fekk kjøpt garn. På heimvegen stakk eg bortom gravplassen og såg korleis det stod til med beplantinga på gravene til Nils og Robert. Marit og eg hadde planta spanske magerittar. Plantane var avblomstra, men blada var friske og fine, Marit seier at dei kjem til å blomstre igjen. I fjor var det tre her frå Starevegen som vart gravlagde, ikkje langt frå kvarandre. No var det kome fine gravsteinar på dei to andre gravene også, men fuglar på Nils sin stein var der ikkje.
Då eg kom heim att refererte eg til Marit, så åt eg og så gjekk eg ut og klipte dei to små plenstykka opp mot vegen. Det har blitt lite gjort i dag. Eg har ikkje tenkt å anlegge ein mønsterhage, men satsar på å halde i orden det eg har.
Margrete &co har innstallert seg på eit fint hotellrom i Reykjavik, ii går var dei ute og såg seg om og i dag skulle dei bade i den blå lagune. Viss eg kjenner Margrete rett så har ho planlagt reisa til den minste detalj. Men der var kaldt og skodde der oppe også.
No skal eg sjå om eg får gjort litt meir ute før eg tek kvelden. 
I dag er det Birte, sambuaren til Håkon som fyller år, 24 år. Både ho og Håkon studerer i Volda, og no i ferien skulle dei flytte til ny leilegheit.
Gratulerer med dagen, Birte!

1 kommentar:

Birte Lindblom sa...

Tusen takk, Olaug! ❤️☺️

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...