onsdag, juni 05, 2019

Dagbok 2019: 5.juni

Klokka er 21.20, og eg kom nettopp heim frå tur. Temperaturen ute er no + 17 grader C og sola glytter fram. Her hos oss skin ikkje sola så seint på dag/kveld, men på Melle er det solskin.
Vi har hatt ein fantastisk fin pensjonisttur i dag- og vêret vart mykje betre enn forventa, kanskje fordi eg hadde tatt på meg den svarte regnjakka mi ? Trur nesten eg var den einaste som gjekk i regnklede.
Men det regna her då Kirstin kom og henta meg klokka 13.30. Vi køyrde til Sæbø så tidleg fordi vi ville drikke kaffi på bakeriet. Kirstin kjøpte med seg brød også.
Etter kvart aula det med pensjonistar rundt ferjekaia, det var over førti som ville vere med på turen, og eg kjende langtfrå alle. Ikkje alle har vore på møta våre. Endå Trandal er ei bygd i Ørsta kommune, var det mange som aldri har vore der før. Det er ikkje kvar dag ferja går dit-i alle fall ikkje mange gonger for dag. Trandal har i seinare år blitt kjent for "Trandal Bluesfestival" og "Trandal rock" m.m." Christian Gaard" dit vi skulle, ligg ganske lagt frå sjøen, så vi hadde med eit par bilar slik at folk som ikkje greidde å gå skulle kunne vere med. Eg gjekk heile vegen opp utan problem. Eg var glad for det. Ned att valde eg å sitte på med Terje Kjøde i lag med Eli og eit par andre. Dermed kom vi altfor tidleg til ferja, men fekk vere med ein gratistur til Standal før vi tok resten av gjengen om bord.
Det som gjekk for seg i "selskapslokalet" skal eg skrive om i referatet i morgon, så det tek eg ikkje med her. Eg kan berre legge til at det var ein 100% vellykka tur. Alt var som bestilt -også vêret. Kan legge til at den eldste deltakaren på turen var 92 år - og ho gjekk begge vegar. 
Eg hadde ikkje fotoapparat med, for kamera mitt er ikkje heilt i orden, så eg håper eg får bruke bilde som andre har tatt til avisinnlegget.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...