tirsdag, juni 04, 2019

Dagbok 2019: 4.juni

Klokka er 17.15, temperaturen er + 15 grader og i dag har vi hatt regnbyger. Då eg stod opp i dag var det ikkje ei einaste kvit perle å sjå på plenane, så no håper er graset har fått det som trengst, slik at plenen blir fin og grøn.
Marit og eg møtte opp i god tid til trening klokka 10. Vi trente effektivt i ein heil klokketime, noko er lett, noko litt tyngre, men vi får tru det gjer godt. Eg får i alle fall litt godt samvit og det er ikkje å forakte. Fysioterapeuten hadde lese gjennom epikrisene frå sjukehuset, og det som stod der var at det var moderat artrose i begge kne, men litt meir i venstre enn i høgre. Der er også cyster inne i foten, men dei er visst ikkje så farlege. (Men utruleg vondt når det går hol på dei). Ho meinte det var mulig å halde operasjonen unna med trening. Eg toler i alle fall treninga godt.
Etter treninga handla vi på Kiwi på heimvegen.
Eg hadde sove dårleg sist natt, så eg vart trøtt etter at eg hadde ete middag. I dag kjøpte eg litt potetsalat og spekepølse, og så kokte eg rømmegraut på fløyte- og rømmerestar. Der er mykje att!
Sette meg i godstolen og høyrde lydbok ei stund, blunda vel litt også. Så gjekk eg ut og vatna. ja, det skulle ikkje vere påkrevd å vatne når det regnar, men bedet nedanfor garasjen er like tørt, og der det er tørt vil kattane ha doet sitt. Say no more! Hadde ein potteplante som eg planta ut, dei tre buskene eg kjøpte tidlegare ser ut til å trivast, og ruccola-salaten eg sådde veks fint opp. Greitt å ha den der på hjørnet så er den lett å få tak i.
I morgon skal eg  på tur til Trandal. Kirstin Graff kom ein tur i går kveld og sa at eg skulle få sitte på med henne til Sæbø. Ferja går klokka 15.10, men vi skal fare herifrå klokka 13.30 så får vi sjå oss om på Sæbø og kjøpe brød på bakeriet. Eg har ikkje vore på Sæbø på mange år; Nils og eg brukte å ha oss ein tur der i juni kvart år. Ja, andre tider også.
Anne Elise kom med ein nydeleg orkidé når ho henta posten. Eg synest ikkje eg skal ha noko for ei så lita teneste-når eg tenkjer på alle tenestene eg har tatt imot. Eg får litt dårleg samvit.
Urke sine er komne att frå bryllaup, trefte Marit på butikken i dag.
I går strikka er ferdig andre erma på kofta mi, så rekte eg opp att den første og strikkar den på nytt. Garnet er mørkeblått, så det er ikkje så godt å strikke i lampelys. Etter om-møbleringa har eg ikkje så godt lys, men det kan vi rette på med tid og stunder. Desse lyse fine dagane går så altfor fort, og brått snur sola igjen.Eg har ikkje montert klipparen min enno, men det er ikkje aktuelt å klippe kantar akkurat no, det må bli litt tørrare først.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...