mandag, juni 03, 2019

Dagbok 2019: 3.juni

Det er no litt som er fint i hagen min?



Klokka er 16.39, temperaturen ute er + 19 grader, tidlegare i dag var den oppe i 22 grader, det er opplett og det blæs. Sjeldan det blæs her. Eg vonar no at det kjem litt regn snart.
I dag var eg ikkje så tidleg oppe, vakna, men sovna igjen.
Etter frokost og ein tur innom datamaskina og Facebook, tok eg med saman og køyrde fram på EIK-senteret. Eg var ikkje sikker på om eg fann rette vegen, men der var godt skilta. Det er fleire store firma som har flytta fram på Mosflata, blant anna Helkama /Grepa, som ikkje er lenger, men der er andre som har overteke bygget, Fora Form, der som Nils jobba, er også der framme no, og eg såg at Bøstrand-bilane stod der. 
EIK senteret hadde ein stor flott butikk, men så sel dei store ting også, som til dømes traktorar og andre landbruksmaskiner. Eg spurde om dei hadde kantklipparar, men det hadde dei ikkje lenge, Clas Olsen hadde overteke merket deira. Men gjødsel fekk eg, og han som ekspederte meg trilla dei to sekkane ut og løfta dei inn i bilen. Sjølv om sekkane berre er på 25 kg så er dei merkeleg tunge å løfte. Så køyrde eg ned på Amfi og kjøpte kantklippar på Clas. Dei hadde to sortar , til 799 kr, eller 299 kr, og tok den billigaste, for eg er ein sånn type som lett øydelegg ting. Trudde eg skulle få begynne å klippe med ein gong, men så viste det seg at den må monterast, og det er slett ikkje mi sterke side, så eg trur eg skal få hjelp til det.
Då begynte eg i staden å klippe plen. Klipte etter kvart heile tomta, minus stykket ovafor garasjen der naboen hadde feia over. Etterpå bukserte eg gjøselsekkane frå bilen over i trillebåra, på ein forunderleg måte. Det er ikkje det at eg ikkje klarer å løfte ein slik sekk, men eg har forbod mot å løfte tungt, og også mot å bøye meg. Forbodet kjem frå legen, og grunnen er at ryggen min ikkje toler slikt. Eg fekk i alle fall strødd heile tomta med små kvite perler, før eg tok pause med mat og drikke.
Sette meg ei stund i godstolen og slappa av, utan verken, radio, TV eller strikketøy. Eg kjende litt på verk i knea, men håper det går bra. Høgre armen har ikkje vore heilt bra sidan asfalt-fallet, og blir ikkje betre av at eg strikkar mykje og dreg i klippersnora. Ja, ein får diverse skavankar etter som åra sig på, men eg er glad for alt eg KAN gjere. Aller best likar eg utearbeid. No ventar eg på litt regn som kan løyse opp dei små , kvite gjødselkulene slik at jorda får næring og graset blir grønt.
I morgon er det trening kl.10.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...