torsdag, juni 06, 2019

Dagbok 2019: 6.juni: Svenska flaggans dag


Klokka er no 18.00, det har skya over, men temperaturen er enno fin- +24grader. Tidlegare var den oppe i + 25. Minst like varmt og fint var det for 22 år sidan, den dagen Olaug jr. vart fødd. Eg hugsar at den dagen var vi på skuletur og gjekk rundt Dalsvatnet i Bjørdalen. 
Gratulerer med dagen, Olaug! På bildet har du eit norsk flagg i handa, men på mange av fødselsdagane dine har det vore pynta med svenske flagg også, sidan du er fødd på svenska flaggans dag!


I dag har eg ikkje gått så langt. 
Det første eg gjorde etter frokost og sudoku var å sette meg til datamaskina og skrive referat frå turen i går. Det var litt vanskelegare enn vanleg for eg høyrde ikkje så godt alt som vart sagt på "møtet" i går. Men klokka 11 var eg ferdig med det grøvste. Seinare vart det litt retting etc.
Eg var ute i hagen og vatna litt og planta gullbuske i jorda. Den har skranta i vår, så eg vil prøve om den likar seg betre utanfor krukka. Prata litt med Marit og henta inn posten etter kvart. Fekk brev frå legen min i dag, ho skreiv at eg berre kunne ta dei tablettane eg har brukt, og fysioterapi er bra. Skaden i knea er ikkje så alvorleg at eg må opererast. Ja, no trur eg på det, for eg er mykje betre enn for nokre veker sidan. Eg har hatt eit ønske om å gå rundt Dalsvatnet igjen, der vi gjekk så ofte før, og no ser eg at det kan ordne seg.
Når det er så varmt som i dag er eg ikkje så glad i å jobbe, så i dag har eg tatt FRI etter middag. Eg har lege på solsenga og høyrt lydbok, mellom anna.
Plenen som eg gjødsla på mandag er noko flekkete, det tek eg som eit teikn på at gjødselen verkar slik at mosen blir borte. Det var i alle fall det Nils sa, når eg småskjente litt for flekkete plen. Eg har ikkje fått planta og pynta så mykje enno, men det kan hende Marit og eg får handla i morgon. Ho har vore barnevakt denne veka. Vi har tenkt oss bort på Felleskjøpet for der hadde dei mykje fine planta ein gong vi var der.
Eg har vore lat i dag, og gjort berre halve spanskleksa, så no må eg ta resten. Elles har eg strikka ermane og bolen på kofta mi så langt at alt skal inn på ein pinne. Når det er gjort blir det meir interessant for då får eg strikke mønster. Det gler eg meg til !Men det er eit styr med samanfellinga.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...