torsdag, april 04, 2019
Dagbok 2019: 4.april
Klokka er 17.40,temperaturen ute på trappa er + 14 grader og det har vore ein nydeleg dag, med sol frå morgon til kveld. Eg har prøvd å vere mest mogleg ute i dag.
Eg begynte med å rydde litt i tilbygget, men der er så altfor mykje at det er vanskeleg å få der skikkeleg. Etterpå rydda eg jordbæråkeren, men er ikkje heilt bestemt på om eg skal dyrke jordbær vidare, eller om eg skal sette poteter der. Det har vore dårleg avling der i mange år. Eventuelt kan eg spade opp att åkeren og plante på nytt. Problemet er at eg har to vonde kne, og ein vond rygg, så eg greier ikkje alt eg gjerne vil gjere. Eg tenker tilbake på kor frisk og sprek eg var for to år sidan-.
Eg gjekk ut og skulle hente posten, då kom ei av naboane att -ho hadde gått tur. "Men det er vondt i knea for kvart steg eg tek", sa ho. Det nærma seg tida då posten skulle kome så vi sette oss på muren, og snart kom det ei til- og ei til. Når det vert sol og vår kjem alle ut frå hia sine og vi kan ha "børs" i gata. Det er vel ikkje berre mennene som kan ha det ?
Då var det tid for mat, og etterpå la eg meg ut på solsenga med lydbok, det har eg drøymt om lenge. Det er mykje anna eg kunne ha gjort, men i dag var eg svolten på sol.
I går kveld kom Helge innom, han hadde endeleg funne meldinga på mobilen. Han var innom og såg på lampeprosjektet, så no kjem han neste veke og tek ned lysrørlampen og hengjer opp LED-lampen. Då blir det å rydde skikkelig på datarommet. Eg har veldig mykje rydding som står på vent, så no ventar eg berre på at energien skal kome.
Onsdag i neste veke er det siste spanskleksjonen før sommaren. Og rett etterpå skal vi ha styremøte i pensjonistlaget, også det på Bakk-Ola. Det er nokre eldre menn som bur på Bakk-Ola, dei synest det er kjekt at vi kjem der om onsdagane, og helsar oss med "Buenos dias".
I går ettermiddag gjorde eg heilt ferdig den sjølvkomponerte genseren min, og no ligg den på tørk på badgolvet. I dag fekk eg pakken frå Rasmus, så no har eg rikeleg garn i lang tid framover-kanskje heilt til jul.
Marit fekk brev om skatteoppgjeret i dag. Eg fekk digibrev om at eg kunne gå inn på ei internettadresse og sjå skatteoppgjeret mitt. Eg gjekk inn og det einaste som kom ut av det var at når eg trykte på noko, kom ei anna side opp osb. kom aldri til saka. Er det naudsynt å gjere det så innvikla? Eg gjekk inn med hjelp av Bank ID-en og likevel kom eg ikkje i mål. No får eg berre vente på brev. Coop-kort som eg har bestilt på nettet, har eg heller ikkje fått. Eg trudde det skulle vere lett å bruke internett, men det er det ikkje alltid. I alle fall ikkje for amatørar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag
Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar