onsdag, april 03, 2019

Dagbok 2019: 3.april.

Snøstjerner (chinodoxa)

Klokka er 19.40, temperaturen er + 8 grader C, og sola har vore her til nyleg. I dag har vi merka at det er vår og sommartid, for ei lita stund sidan hadde vi ti varmegrader. Det er godt å kjenne på at det er vår, med den regnfulle og grå hausten vart vinteren lang.
Dagen i dag har ikkje vore lang, eg var ikkje skikkeleg komen i siget før det var kveld. Føremiddagen var kort sidan eg for heimanfrå ca. 10.30. Då hadde eg berre rydda litt i huset og vaska håret. Eg gler meg til kvar gong eg skal på spanskkurs for vi har det så kjekt i lag. Mange av dei som er på kurset har eg ikkje kjent før; no har vi berre ein gong att før vi tek "sommarferie".
Då eg kom heim att sette eg meg til og gjorde heilt ferdig genseren, vaska den og rulla den inn i ein handduk.
Laga meg litt mat, og så var eg ein tur ut i hagen, før Marit og eg gjekk tur, ho med to stavar eg med ein. Ho var låk i ryggen og eg i begge knea. Vi gjekk ikkje fort for å seie det pent. Men det var sol og frisk luft og naboar som var ute, og som vi kunne prate med. Sat ei lita stund på altanen med lydbok før eg gjekk inn for godt. Så var det tid for dagsnytt før eg visste ordet av det. Og på skjermen i dag såg eg ein som eg kjende, nemleg han vi hadde til lærar på 65+ Kurt Torvanger. I dag promoterte han Vanylven som reisemål for turistar, viss eg forstod det rett.
No får eg snart blå plen ovafor garasjen. Dei blå blomstrane som eg har kalla med feil namn før, har eg no funne ut heiter Snøstjerner. Eg hadde raka plenen før den siste snøen kom, men no var det kome mykje sand og stein igjen, det er sanden dei har strødd på vegen i løpet av vinteren.
Eg var ned i hagen og sjekka dei nye bærbuskane som eg planta sist haust og det var liv i begge. 
Har nokre poteter med lange ålar som eg kanskje skal putte i jorda. (Det er restar av fjorårshausten).Eg ser fram til å jobbe ute i hagen, berre eg greier det.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...