tirsdag, april 02, 2019

Dagbok 2019: 2.april

Krokus og scilla er på veg.


Klokka er 17.30, og no vart eg lettare sjokkert då eg var ute og skulle sjekke temperaturen. Tidlegar i dag var det nokså kaldt, men no var det blitt vesentleg varmare,  gradestokken viste+ 10 C, og det kan det vere litt meining i.
I dag har eg vore heime åleine heile dagen og trudde eg skulle fått gjort litt til nytte. det har eg for så vidt- men det vart ikkje akkurat det eg hadde tenkt.
Ja, først støvsugde eg teppegolva og det var planlagt. Så fekk eg den glupe ideen å rense og smørje inn skinnmøblane, og det var ikkje så dumt. No står dei og skin, som nypussa skor. Etterpå sette eg opp dører og glas og lufta godt ut.
Så langt er eg fornøgd-men så kjem eg til det som ikkje var så kjekt. Eg har drive å strikka ein stripete genser til meg sjølv og måtte legge ifrå meg før eg var heilt ferdig med halskanten i går kveld. Det var det skada armen som ikkje ville meir. I dag sette eg meg til framfor datamaskina for å gjere genseren ferdig. Eg sette på lydboka "Skada gods" av Tore Renberg, til underhaldning. Halskanten vart ferdig før eg åt "middag" . Etterpå skulle eg feste trådar, to trådar for kvar stripe på bolen og på begge ermane + diverse garnskøytar - eg skal aldri meir strikke stripete genserar !!!!!! Men eg har laga ein stor, vid og sid genser som kan kome vel med på kalde dagar.
I dag har eg altså høyrt tre heile plater av lydboka, kvar plate er på 78 minutt ! Så lenge har eg sete her i kontorstolen. Då eg hadde middagspause var eg rundt huset ein tur og opp til postkassa, og då greidde eg knapt å rette opp ryggen. No har eg att å feste den doble halskanten på vranga, men det får vente, akkurat no orkar eg ikkje.
No ser det ut til at vi kan få litt utevêr. Snøen som kom sundag er bort, og krokusen har ikkje blitt særleg skada, heldigvis. Så om eit par dagar kan vi ha eit blomsterflor av løkplantar. Det kjem an på om eg ikkje må ha meg ein liten tur ut gata og inn att.
Eg øvde ikkje på spanskleksa i går, så då lyt eg øve meir i dag for i morgon er det nest siste kursdagen i vår. Vi driv og forhandlar med Eli om nytt kurs til hausten. Når vi først skal lære litt, så må vi lære såpass mykje at vi kan bruke det til noko.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...