fredag, februar 22, 2019

Dagbok 2019: 22. februar

Klokka er no 18.00. Temperaturen på trappa er + 10 grader, tidlegare i dag var den opp i 15 grader. Det har vore ein vårleg og nydeleg dag. Nedanfor huset er det stort sett bert, men på oppsida i skyggen ligg der enno snø, ein god del er vel restar etter brøytekantar. På ettermiddagen i dag tok eg ein liten tørn og heiv utover noko av snøen. No er det vel med oss som med "Vesle lerka" - vi trur på vår med ein einaste gong, og gløymer alle gongane vi har fått snø både i mars og april. Men det er i alle fall fint å stå opp klokka 8 og sjå at det er lyst ute. Eg får ein veldig energi når eg ser sol og finevêr. Eg starta dagen i langsomt tempo, med å strikke nesten ferdig første erma på Erlend sin genser. Så bytta eg på senga, vaska soverommet, og fann ut at eg kunne vasle kjøkken og bad også sjølv om eg hadde gjort det før i veka. Fekk på vaskemaskina og styrte på. Hadde tenkt å begynne å klippe epletreet og stilte med saks og sag, berre for å oppleve at epletreet var litt for høgt-eller eg litt for låg. Det var då eg begynte og skulle fjerne snøen , med spade og rive.
Var ein tur ute på altanen då Silje ropte til meg og spurde om eg høyrde brannalarmen, men den hadde eg ikkje høyrt til tross for forsterkaren på stova. Ho sa at lyden kom frå kjellaren, og då visste eg kva det var. Det hender at brannalarmen kjem på når eg tørkar klede i trommelen, og slik var det i dag. Eg vart ikkje redd, sidan eg fort forsto kva det var.
Etter nokre timar som Duracellkanin, vart eg svolten og laga meg pannekaker av resten av røra frå i går, åt godt, og så varde det ikkje lenge før eg feiga ut. Er eigentleg konstant trøtt, men kjenner det ikkje før eg set meg ned. Sat og sløva i godstolen ei stund før eg greip tak i strikkepinnane. Har så vidt begynt på erm nr.2. Innimellom alt eg styrer med er eg ofte innom datamaskina. Har fått mange likes i dag, etter at eg la ut genseren til Margrete.
I dag fyller Audun 29 år og eg hugsar veldig godt den dagen han vart fødd, då hadde eg Einar her og vi var ein tur til Vik i silande regn. Ja, det regna så forferdelig at vi tok Taxi heim. Åra har gått fort, og no er  løytnant Audun i Nord-Norge. Neste veke er det vinterferie her, og eg håper Audun kjem heim ein tur. Han har kjøpt seg leilegheit på Hareid, og har status som pendlar, så han er ofte ein tur heimom.
Gratulerer med dagen, Audun!

Eigentleg hadde eg tenkt meg ein liten tur på butikken i kveld, men så vart eg brått så trøtt. Og eg har ei oppvaskmaskin og ei klesvask-maskin som skal tømmast. Eg sprett vel opp i grålysninga i morgon, så kanskje det blir ein tur då.
Ønsker alle ei god helg og eventuelt GOD FERIE



Det er kjekt at det blir bert og vår, men eg ser også at det blir ein del som skal gjerast både ute og inne. Heldigvis er hagen bra ryddig, men kom ikkje heilt i mål sist haust på grunn av alt regnet.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...