søndag, desember 30, 2018

Dagbok 2018: 30. desember



Dette sjalet fekk eg av Margrete til jul. Kan brukast attåt det meste -alt etter korleis ein brettar det

Klokka er 18.30, temperaturen er + 3 grader, og det sluttar aldri å regne. I dag tidleg var det eit tynt lag snø på marka. 
Eg vakna tidleg, altfor tidleg til å stå opp, så eg tok fram lydboka og hadde den på øyret, såpass eg sovna att, til tross for smerter i foten. 
Etter at eg hadde ete frokost etc. sette eg meg til å strikke på ermane igjen. Innimellom henta eg klede frå tørketrommelen og la i hop. Det er eit aber å ha vaskerom i kjellaren når det er vondt å gå trapper. Så oppdaga eg brått at sjakken var begynt på NRK 2, så då blei det spennande ei god stund. I pausane støvsuga eg stoveteppet. Etterpå åt eg før eg sette meg i godstolen med lydbok- og sovna. Eg kan ikkje strikke så mykje a armane tek skade, for dei kan eg no bruke til litt av kvart.
I dag har eg verkt mykje i føtene, særleg den foten som er dårlig, men eg trur det må vere gikt i tillegg. Veldig trasig at det ikkje er teikn til betring. Kan ikkje hugse akkurat korleis det var med den første foten, men trur ikkje det var SÅ gale. Då hadde eg så mykje anna å tenke på, at eg hadde mindre fokus på meg sjølv.
Marit bad meg komme opp til henne, men no har eg tenkt å vere så roleg det berre går an, og sjå om det kjem seg. Hadde eg fått kome på røntgen, kunne dei kanskje sett i gang ei behandling, men så lenge dei ikkje veit kva som er gale er det ikkje godt å gjere noko. Men det er no godt å få syte og klage litt her på dataen.
Lyspunktet i dag var at Magnus Carlsen vann gull! Det var i alle fall eitt parti i dag som var litt forunderlig. Ein som kom for seint til bordet, og berre var interessert i å få remis, han ville vel ikkje ha tap. Der er mange taktiske element utanom sjølve spelet. Men eg likar å sjå på pila.
I morgon er det nyttårsaftan og eg vil helst vere heime åleine- det gjer meg ingen ting om eg er her åleine. Eg har TV, og eg har strikketøy. Kom i hug millenniumskiftet, då var Nils sjuk av influensa eller noko liknande, eg sat og strikka på lester til Audun. Nils kom seg fram or senga akkurat ved midnatt.
Det er berre ein ting eg saknar-det er ein brødristar. Når ein er åleine et ein mykje "gammalt" brød. Forresten ristar eg ferskt brød også. Så viss nokon skal nedover å handle, har sikkert Clas ein billig sort. Har prøvd å kjøpe dyrare merke, men dei varer ikkje lenger, dei. Men eg overlever sikkert utan også. I alle fall til neste år.

Solveig hadde kjøpt garn som eg skal strikke genser av. Eg var så lur at eg begynte på ermane først og strikkar dei parallelt, den lengste erma er ferdig auka. Det skjedde mykje under "Kongens nei".

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...