Klokka er no 19.40. Temperaturen er + 23 grader C, og i dag har det vore varmare enn på lenge synest eg. Sola har stråla frå skyfri himmel og det har knapt vore eit vindpust.
Eg begynte å vente på Rasmus med det samme eg stod opp, enda han hadde sagt han skulle komme utpå kvelden. Slik er eg støtt når nokon skal komme. Eg fekk melding i 19.30-tida, då var dei i Stryn, der Ingar var komen opp på ein rosa traktor. Eg forstår det slik at dei har køyrt Flya i dag.
Eg har tatt det veldig med ro i dag, var redd eg skulle få trøbbel med hofta, men det ser ut til å gå bra. Eg har styrt litt inne, vatna litt ute, lege på solsenga etc. Men no i kveldinga heldt eg ikkje ut lenger, eg berre MÅTTE slå plen. Klipte rundt huset og opp mot gata, skråninga får stå. Eg vart rimeleg sveitt, så no går det i Cola light her.
Tenkte eg like godt kunne skrive blogg no mens eg er her åleine. Seinare blir det ikkje så mykje tid til det.
Rips og bringebær begynner å modne, og eg plukkar litt jordbær kvar dag, men trur skjora får sitt.
Kvar dag gløymer er 19-nyheitene, for eg forstår ikkje at det er kveld. Ein slik sommar kan eg knapt hugse-det må i så fall vere i barndommen, for då var vel alle somrar slik-var dei ikkje? Men i avisa skriv dei om U-år, og det er det kanskje for bøndene - og det er trist- når vi som berre har ein liten hage kan kose oss og nyte finevêret.
Eg kan hugse nokre fine somrar 1963-då Solveig vart fødd, 1965- då ungane og eg budde på Eid og Nils jobba i Høyanger, 1968-då Margrete vart fødd, og 1997 då Eirik og Olaug var fødde. Eg ser at viss ein har noko å knytte det til, så hugsar ein betre.
No må eg stad og hente opp NYHETSKANALEN.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar