Klokka er 19.15, temperaturen er + 16 grader. I dag har det vore overskya, men opplett. No såg eg at dei melde regn på sundag, så kan eg vel endeleg få gjødsla skråninga.
I dag har eg ikkje gjort så mykje. Eg klipte plenen rundt huset, så no blir det ikkje meir klipping på ei stund-trur eg. Tross tørken så veks faktisk graset. Elles vatna eg litt og reinska ugras. Så lenge vêret er bra likar eg meg best ute denne årstida. Men tida går så fort! No er det allereie fredag igjen, og vi er godt i gang med juli månad, så sommaren raser av garde. Kvart år gruar eg meg til at sommaren skal ta slutt, men så går det som regel bra.
Vart sittande litt for lenge ved datamaskina i dag, men det er litt selskap i den også - kan no prate med folk på Face for eksempel.
Fekk melding frå Margrete at ho var på veg hit for å hente kakefatet sitt. Eg fann ei kake i frysaren som eg sette på tining, og så sat eg og strikka og høyrde lydbok til ho kom i16-tida. Vi vart sittande eit par timar - drakk kaffi og prata. Det er kjekt denne tida når "ungdommane" er fri frå skule og/eller jobb. Sundag blir det "treff" hos Solveig, og så kjem vel Rasmus & Co oppover om ikkje så lenge.
Når eg er her åleine legg eg planar for kva eg skal gjere, både ute og inne. Eg har funne ut at eg må ha ei kompostkasse til, til å ha gras i, kan ikkje køyre alt bort på VØR. Så lurer eg på om ein kan få kjøpt ferdige kasser av tre- og ev. kvar.
Då ønsker eg alle ei god helg. Litt kjedelig at det skal komme regn, men jorda treng det, og i år kan vi ikkje klage på vêret-så langt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025. 16.april
Klokka er no17.18,og akkurat no skin sola, det gjorde ho på føremiddagen også, men så kom der ei regnbyge midt på dagen.Eg var tidleg oppe ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar