torsdag, juli 26, 2018

Dagbok 2018: 26.juli

Klokka er 21.45, temperaturen er + 19 grader. Vi har ikkje sola no lenger-i kveld-men ho har vore på himmelen i heile dag. Det har vore varmt og fint.
I dag har eg ikkje vore så aktiv, rydda og styrte litt ute tidleg på dag, men var ikkje heilt i form; var dårleg i magen og kvalm. No er eg heilt bra igjen, så det var nok det litt spesielle kosthaldet mitt i går som får ta skulda.
Solveig kom innom, ho hadde køyrt Olaug på flyet , ho skulle til Bergen. Ho skal flytte til ein annan hybel i byen.
Solveig og Øystein skal ein tur til Italia, så då blir der ikkje att mange heime på Hareid. Birte og Håkon har vore i Gdansk på ferie. Solveig fekk melding frå Audun om at han kjem heim ein tur. 
Ja, eg får bryne hjernecellene på å halde greie på kvar alle er.
Solveig hadde med seg heimebakte bollar og heimelaga syltetøy. I byte fekk ho ein sekk med kverna  kvistar som ho skal ha i komposten sin! Og nokre tomme sylteglas.
Ho hadde vore på biblio og lånt bøker til meg, men dei nyaste bøkene får eg ikkje rippa utan å legge til program på maskina. Akkurat slike ting likar eg ikkje å gjere, er redd for å gjere noko som blir feil, slik at eg får trøbbel. Eg held på med den tredje papirboka på kort tid, men den er tjukkare enn dei andre to, denne er på 400 sider, så det er ikkje gjort på ein dag. Kva som eventuelt skjer i morgon veit eg ikkje, men eg må i alle fall sette ut bossdunken i kveld, og den er full. Det blir mykje boss no framover, for eg har diverse eg skal kvitte meg med. Vi har boss-henting annakvar veke-så det er godt fredagane kjem så ofte som dei gjer.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...