Klokka er 20.00, temperaturen ute er + 20 grader C. No skin sola meir og mindre, men i dag har det regna.Og det er bra, Håper både gras og blomster har fått det dei treng denne gongen, slik at vi kan sleppe sola fram igjen.
I dag kan eg ikkje skryte av å ha gjort noko som helst, i dag har eg hatt ferie! Og stort sett berre lata meg.
Før middag var Marit og eg nedover og handla på AMFI og på Spar. Då vi kom heim vart vi sittande i bilen og prate til klokka var 14.30. Så var eg svolten og måtte ha meg litt mat. Hadde kjøpt med meg diverse som vart eit godt måltid til slutt. Eg får kalle det ein slags salat.
Så prøvde eg å legge meg på sofaen og lese. Eg er ikkje trøtt om morgonen og ikkje om kvelden, men midt på dagen har eg lett for å dette ut. Så det vart ikkje mykje lese.
Så var eg opp til Marit og fekk nysteikte vaflar -og same kor mykje vi pratar går vi visst aldri tomme for stoff. Ho har også vore åleine nokre dagar, men no kom Stian heim att, så då har ho litt selskap.
Eg har tusen ting eg skal gjere innadørs, men det freistar ikkje, eg vil helst vere ute, men i dag vart ingen ting gjort. Viss det blir opplett i morgon får eg kanskje sådd til den nakne flekken, molda må no ha sige litt i hop no etter regnet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar