lørdag, juli 21, 2018

Dagbok 2018: 21.juli

Klokka er no 20.40. Temperaturen er + 23 grader og det har vore enda ein fin dag, med sol, litt skyer og litt vind på ettermiddagen. Akkurat slik ein sommardag skal vere. Ser at mange av dei eg kjenner reiser på turar eller går på fjelltoppar rundt omkring. Eg kjem meg ikkje så langt for eiga maskin, men kosar meg heime i hus og hage. Eg har det veldig bra.
I dag har eg ikkje gjort så veldig mykje akkurat. Litt rydding, klesvask etc. blir det alltid, men det er ikkje så mykje når ein bur åleine. 
Solveig og Øystein kom innover og henta bilen min, Audun skal låne den nokre veker. Eg laga røre og steikte sveler til dei kom. Så det vart "sveler til middag"-som han sa Ingar når eg spurde kva vi skulle ha. Øystein reiste ut att med min bil, Solveig vart att, så vi tok ein liten tur på nærbutikken og på grava. Blomstrane som Margrete og eg hadde pynta med var fullt brukbare enno, så vi kjøpte ikkje noko nytt. 
Eg vart ståande ei stund å prate med Marit, og så vart det ei lang stund på solsenga med papirbok -og litt søvn innimellom. Når eg får ein liten blund på dagtid, kan eg vere oppe så lenge eg vil !
Klokka 19.30 gjekk eg ut i hagen og jobba ein times tid.; vatna, hadde utover ein sekk mold (Solveig kom med tre sekker) tok vekk sen frå jordbæråkeren etc. etc. Eg likar å styre på ute, men det er ein ting eg ikkje likar og det er å plukke rips. Ikkje har eg hatt not over den einaste buska mi heller, så det blir vel fuglane som fer med det meste. Det spørs i morgon...….viss eg skal ha litt stillferdig arbeid på søndag?
Eg får ønske alle fortsatt god helg sidan eg gløymde det i går.
Margrete & Co har vore på Malakoff-festivalen to kveldar, veit ikkje om dei er ferdige no. Det har no vakse seg til eit enormt arrangement etter kvart. Men for gamle damer som nærmar seg 80? - det toget er gått. 
Marit og eg snakkar ofte om den tida vi gjekk i samme klasse på Eid gymnas, då var det stort sett berre kino som var noko "å gå på" på Eid. Vi hamna på kva si side av gata her i Ørsta etter mange utan kontakt. Det rare er at vi har vore naboar før også, første året på gymnas budde Marit hos Sørum, rett over vegen frå der vi budde, men så flytta ho ned i Alleen til Anna Os, som var enke etter broren til bestefar, og det var ikkje langt frå besteforeldra mine.


Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...