torsdag, mars 15, 2018

Dagbok 2018: 15.mars


På FB er det ei gruppe som heiter "Gamle bilete frå Eid" og der er det kome inn på så mange fine bilde frå Eid - veldig gamle og ikkje fullt så gamle. Bildet over er frå 1968, det året Margrete vart fødd, og det året var eg ganske mykje på Eid. Og så har eg aldri sett akkurat dette motivet før. Heilt til høgre i bildet ser vi faktisk litt av det raude paktarhuset der eg budde dei 5-6  første åra av livet mitt. Dobbeltklikk for større bilde.

Klokka er 15.40, temperaturen er + 6 grader C og sola skin. Litt irriterande å sitte inne i finevêret, men eg gjer alt for å bli bra i foten-til og med latar meg. Eg har site mykje med datamaskina i dag, har hatt eit par telefonar og diverse meldingar. Og så har eg høyrt lydbok. Fekk moppa litt av eit par golv; støv vert det om eg er her åleine. No har eg dusja, vaska håret og kledd meg om. I dag er det Anne Elise som køyrer meg ut til heimen, og Håkon skal bringe meg heim att i kveld. Det meste ordnar seg.
No har eg vandra rundt meir og mindre i all slags vêr dei to siste vintrane, då er det litt surt at foten skulle svikte akkurat no. Men så får eg berre håpe på at tablettane hjelper, sjølv om det ikkje er gjort på ein dag.
Kreftkoordinatoren, Solfrid, ringde i dag. Det var ikkje noko nytt, men eg har ikkje vore der når ho besøkte Nils, så ho ville snakke litt med meg også. Det er alltid litt spenning med å komme ut på Heimen, eg veit aldri heilt kva som ventar meg der, og eg kan ikkje gjere så mykje verken til eller frå. Nils søv og døser for det meste, og eg sit der berre. Ikkje fordi eg MÅ, men fordi eg VIL.
I går trudde eg dei heldt på å sage ned tre i Olavsgata ,i dag har eg verken høyrt eller sett noko.
Klokka 21.30. No er temperaturen minus 4 grader C, så det som tinar om dagen, frys til att om natta. Eg kom nettopp heim, Håkon køyrde meg til døra.
Då eg kom ut til Nils i dag, var han vaken og virka kvikk. Han både prata og smilte og var nesten som før. Men han lever delvis i ei fantasiverd; somme gonger er han heilt i vater, andre gonger ikkje. Men han ber meg pent om at eg ikkje må le av han. Han hadde ete litt middag i dag (ball) og drukke to glas kefir + eitt til då eg kom. Han sov ein god middagslur, mens eg las i lydboka mi. Eg kan like godt sitte der ute, som her, for eg får ikkje gjort noko her heller. I dag var det no litt kjekt å vere der, sidan han var vaken innimellom. Det kneet er framleis like vondt, men eg må vel smørje meg med tolmodigheit i tillegg til smertelindrande salve. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...